«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Tessalonikerne 4

1  Elles, brør, bed me no og påminner dykk i Herren Jesus at liksom de hev lært av oss korleis de skal ferdast og tekkjast Gud, som de alt gjer, so må de alt meir gjera framgang i det.

2  De veit då kva bod me gav dykk ved Herren Jesus.

3  For dette er Guds vilje, dykkar helging: at de skal halda dykk frå utukt;

4  at kvar og ein av dykk veit å vinna seg sin eigen make i helging og æra,

5  ikkje med ovhug i lyst so som heidningane, som ikkje kjenner Gud;

6  at ingen skal gjera bror sin urett eller uskil i det som han hev å gjera med han; for Herren er hemnar for alt slikt, som me og fyrr hev sagt og vitna for dykk.

7  For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til helging.

8  Den som då mismæter dette, han mismæter ikkje eit menneske, men Gud, som og gjev sin Heilage Ande i dykk.

9  Men um broderkjærleiken treng de ikkje til at nokon skriv til dykk; for de er sjølve lærde av Gud til å elska kvarandre;

10  for de gjer det og mot alle brørne i heile Makedonia. Men me legg dykk på hjarta, brør, at de alt meir må gjera framgang i det

11  og setja dykkar æra i å leva stilt og taka vare på dykkar eigne saker og arbeida med hendene, som me hev bode dykk,

12  so de må ferdast sømeleg med dei som er utanfor, og ikkje trenga til nokon.

13  Men me vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um dei som er avsovna, so de ikkje skal syrgja liksom dei andre, som ikkje hev nokor von.

14  For so sant me trur at Jesus døydde og stod upp att, so skal og Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han.

15  For dette segjer me dykk med eit ord av Herren at me som lever, som vert att til dess Herren kjem, ikkje skal koma i fyrevegen for dei som er avsovna;

16  for Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med bjodande rop, med yverengels røyst og med Guds basun, for dei som er avlidne i Kristus, skal fyrst standa upp;

17  so skal me som lever, som vert att, saman med dei verta rykte i skyer upp i lufti til å møta Herren.

18  So trøysta då kvarandre med desse ordi!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23