«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Tessalonikerne 1

1  Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!

2  Me takkar alltid Gud for dykk alle når me kjem dykk i hug i bønene våre,

3  med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn;

4  for me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.

5  For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;

6  og de vart våre etterfylgjarar, ja Herrens, med di de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,

7  so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8  For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut; ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng tala noko um det;

9  for dei fortel sjølve um oss kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudane, til å tena den levande og sanne Gud

10  og venta på Son hans frå himmelen, han som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23