«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Samuelsbok 9

1  Kis heitt ein mann av Benjamins-ætti; han var son åt Abiel, son åt Seror, son åt Bekorat, son åt Afiah, son åt ein benjaminit, og var ein grunnrik mann.

2  Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og ven kar; det fanst ingen mann i Israel som var venare enn han; ingen av folket nådde han lenger enn til herdi.

3  Ein dag kom asnone åt Kis, far hans Saul, burt for han. Då sa Kis til Saul, son sin: Tak med deg ein av drengene og gakk av stad og leita etter asnone!

4  Han for yver Efra'ims-fjellet og gjenom Salisabygdi, men fann dei ikkje; so for dei gjenom Sa'alimbygdi, men asnone var ikkje der; sidan for dei gjenom Benjamins-fylket, men fann dei ikkje der heller.

5  Då dei kom til Sufbygdi, sa Saul til drengen som var med han: Kom, lat oss fara heim att! Elles kunde far snart verta meir illhuga for oss enn for asnone.

6  Men drengen svara: Høyr her! I den byen der bur ein gudsmann som det gjeng gjetord av; alt han segjer, gjeng fram. Lat oss no ganga dit! Han kann visst gjeva oss greida på det me fer etter.

7  Då sa Saul: Ja, men um me no gjeng dit, kva skal me so hava med oss til mannen? Maten i skreppone våre hev teke ende, og me hev ingi gåva me kann bjoda gudsmannen; eller kva hev me?

8  Drengen tok til ords att og sa til Saul: Sjå, her hev eg ein kvart sylvsekel; den vil eg gjeva gudsmannen, so segjer han oss nok kva leid me skal taka.

9  Fyrr i tidi sa dei i Israel når dei skulde av og spyrja Gud: Kom, lat oss ganga til sjåaren! Det som dei no kallar profet, kalla dei fyrr i tidi sjåar.

10  Saul sa til drengen: Du hev rett; kom, lat oss ganga dit! So tok dei vegen til byen der gudsmannen var.

11  Medan dei no gjekk uppetter bakken som bar til byen, møtte dei nokre gjentor som kom ut og skulde henta vatn, og spurde dei: Er sjåaren her?

12  Gjentone svara: Ja, nett no er han her. Skunda deg no! I dag kom han hit til byen; for folket held i dag ei offerhøgtid på haugen.

13  Når de kjem inn i byen, finn de han straks innan han gjeng upp på haugen til måltidi. Folket gjeng ikkje til bords fyrr han kjem; for det er han som skal velsigna offeret. Sidan set dei seg til bords dei som bedne er. Gakk berre upp! For rett no råkar de han.

14  So gjekk dei upp til byen, og med det same dei kom inn i byen, kom Samuel ut imot dei; han var på veg upp til haugen.

15  Men dagen fyrr Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt:

16  I morgon dette bel sender eg til deg ein mann frå Benjamins-landet; han skal du salva til fyrste yver Israel, folket mitt, og han skal frelsa folket mitt frå filistarveldet; for eg hev set til folket mitt, etter di naudropet deira hev nått upp til meg.

17  Då no Samuel fekk sjå Saul, sa Herren til han: Sjå der er mannen som eg hev tala til deg um og sagt: Det er han som skal styra folket mitt.

18  So gjekk Saul burtåt Samuel midt i porten og sa: Gjer vel og seg meg kvar sjåaren bur!

19  Samuel svara: Det er eg som er sjåaren. Gakk fyre meg upp på haugen! De skal eta med meg i dag; i morgon tidleg kann du fara i veg att, og då skal eg gjeva deg greida på alt det du hev hug til å vita.

20  Og asnone som kom burt for deg i dag tri dagar sidan, tarv du ikkje vera redd for; dei er attfunne. Kven er det elles som eig alt det gildaste i Israel? Er det ikkje du og heile farsætti di?

21  Saul svara: Eg høyrer då berre til Benjamins-ætti, ei av dei minste ættene i Israel, og ættgreini mi er den ringaste av alle ættgreiner i Benjamin. Kvifor talar du då soleis til meg?

22  Samuel tok og leidde Saul og drengen hans inn i gildehalli og sessa dei øvst millom gjestene; det var um lag tretti mann der.

23  So sa han til kokken: Kom hit med det stykket som eg gav deg og sa du skulde taka vare på!

24  Då tok kokken upp lårstykket og feittet som var på det, og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: Her ser du det som att er; no er det sett fram for deg. Et no! For til denne stundi vart det gøymt åt deg, då eg sa: Eg hev bede folket. So åt då Saul i lag med Samuel den dagen.

25  Sidan gjekk dei ned av haugen og inn i byen, og han sat og tala med Saul på taket.

26  Tidleg um morgonen, med det same det tok til å dagast, ropa Samuel Saul upp på taket og sa: Gjer deg reidug, so vil eg fylgja deg på veg! Då ferda Saul seg til, og dei gjekk ut i hop, han og Samuel.

27  Då dei kom ned til ytste enden av byen, sa Samuel til Saul: Seg til drengen at han skal fara fyre - og han for fyre - men stogga du her eit bel! So skal du få høyra kva Gud hev sagt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23