«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Samuelsbok 7

1  Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens kista upp til seg og bar henne inn i Abinadabs hus på haugen; og dei vigde Eleasar, son hans, til å taka vare på Herrens kista.

2  Frå den dagen då kista kom til Kirjat-Jearim, leid det no ei lang tid - tjuge år gjekk det; då sukka heile Israels-ætti etter Herren*.

3  Då sa Samuel til heile Israels-ætti: Er det av heile dykkar hjarta de vender um til Herren, so hav ifrå dykk dei framande gudane og Astarte-bileti og vend hjarta dykkar til Herren og ten berre han! So skal han fria dykk frå filistarveldet.

4  Då skilde Israels-borni seg med Ba'alane og Astarte-bileti og tente berre Herren.

5  Sidan sa Samuel: Stemn heile Israel saman til Mispa, so skal eg beda til Herren for dykk!

6  Då samla dei seg i Mispa, og dei auste upp vatn og rende det ut for Herrens åsyn*; den dagen fasta dei og sanna at dei hadde synda mot Herren. Og Samuel skifte rett millom Israels-borni i Mispa.

7  So snart filistarane fekk spurt at Israels-borni hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane deira ut imot Israel. Då Israels-borni høyrde det, vart dei redde

8  og sa til Samuel: Du må ikkje halda upp å ropa til Herren vår Gud for oss og beda at han vil fria oss frå filistarveldet!

9  Då tok Samuel eit soglamb og ofra det heilt til brennoffer åt Herren. Samstundes ropa han til Herren for Israel, og Herren svara han.

10  For medan Samuel bar fram brennofferet, og filistarane kom næmare og næmare og vilde taka på Israel, sende Herren same dagen eit sterkt torever yver filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for Israel.

11  Då drog Israels-mennene ut frå Mispa og sette etter filistarane og hogg dei ned og elte dei alt til Bet-Kar.

12  Og Samuel tok ein stein og sette upp millom Mispa og Sen; den steinen kalla han Eben-Eser* og sa: Til no hev Herren hjelpt oss.

13  Soleis vart filistarane døyvde, og dei kom ikkje oftare inn i Israels-riket. Herren lyfte handi si mot filistarane so lenge Samuel levde.

14  Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, frå Ekron alt til Gat, og alt landet som låg ikring dei, vann Israel og att frå filistarane. Millom Israel og amoritane var det fred.

15  Samuel skifte rett i Israel so lenge han levde.

16  År etter år drog han ikring til Betel og Gilgal og Mispa og skifte rett millom Israels-borni på alle dei stadene.

17  Kvar gong for han heim att til Rama; for der var bustaden hans, og derifrå styrde han Israel. Der bygde han og eit altar for Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23