Første Samuelsbok 6
1 Då Herrens kista hadde vore i Filistar-landet sju månader,
2 kalla filistarane i hop prestane og spåmennene sine og spurde: Kva skal me gjera med Herrens kista? Seg oss korleis me skal få sendt henne frå oss og heim på staden sin!
3 Dei svara: Vil de senda kista åt Israels Gud frå dykk, so må de ikkje senda snaude kista; de lyt gjeva han eit skuldoffer til vederlag; då vert de lækte og fær vita kvifor han ikkje tek handi si av dykk.
4 Då spurde filistarane: Kva er det for eit skuldoffer me skal gjeva han til vederlag? Hine svara: Fem svullar av gull og fem myser av gull, etter talet på filistarhovdingane; for det er ei og same plaga som hev råma alle, hovdingane dykkar med.
5 De skal laga likende av svullane dykkar og av mysene som øyder landet dykkar, og gjeva Israels Gud æra; då tek han kann henda den tunge handi si burt både frå dykk og guden dykkar og landet dykkar.
6 Kvifor vil de gjera dykk stride? So gjorde egyptarane og Farao; men sjå til um dei ikkje laut sleppa Israel av stad då han hadde late dei få kjenna si makt!
7 Tak no og gjer ei vogn av nyo, og henta so tvo nybære kyr som det aldri hev kome åk på! Set kyrne for vogni, men tak kalvane frå dei og hav dei inn!
8 So skal de taka Herrens kista og setja henne upp i vogni; gullet som de gjev han til skuldoffer, skal de leggja i eit skrin innmed kista og so senda henne av garde.
9 Sjå so etter um ho tek vegen uppetter til sitt eige land, til Bet-Semes; for då er det han som hev ført denne store ulukka yver oss; men fer ho ikkje den vegen, so veit me at det ikkje er hans hand som hev råma oss; då er det berre ein vanlagnad me hev vore ute for.
10 Mennene gjorde som dei var fyresagde; dei henta tvo nybære kyr og sette dei for vogni, men kalvane heldt dei att heime.
11 So sette dei Herrens kista uppi vogni og like eins skrinet med gullmysene og likendi av svullane.
12 Kyrne gjekk beint fram etter vegen som bar til Bet-Semes; dei gjekk rautande og heldt allstødt same leidi - tok aldri av vegen, korkje til høgre eller til vinstre. Og filistarane fylgde etter alt til Bet-Semes-bygdi.
13 Bet-Semes-buane heldt då på og skar kveiten i dalen; då dei såg upp, vart dei vare kista, og dei vart glade då dei såg henne.
14 Då vogni kom inn på gjordet åt ein Bet-Semes-bonde som heitte Josva, stogga ho der. Der låg det ein stor stein. So hogg dei sund treverket i vogni og ofra kyrne til brennoffer åt Herren.
15 Levitane lyfte ned Herrens kista og skrinet som stod innmed henne, det som gullet var i, og sette dei på den store steinen, og Bet-Semes-mennene ofra den dagen brennoffer og slaktoffer til Herren.
16 Det såg dei fem filistarhovdingane på og for so same dagen attende til Ekron.
17 Dette var dei gullsvullane som filistarane gav til skuldoffer åt Herren: ein for Asdod, ein for Gasa, ein for Askalon, ein for Gat, ein for Ekron.
18 Og gullmysene svara i talet til alle filistarbyane som låg under dei fem hovdingane, både byar med murar ikring og landsbyar. Vitne um dette er den store steinen på gjordet åt Josva, Bet-Semes-bonden, den steinen som dei sette Herrens kista på; han ligg der enno i dag.
19 Herren slo i hel nokre av Bet-Semes-mennene og, av di dei hadde skoda på Herrens kista - sytti mann av folket; og folket syrgde av di Herren hadde valda so stort mannefall millom dei.
20 Og Bet-Semes-mennene sa: Kven kann standa seg for Herrens, den heilage Guds åsyn? Og kven vil han fara til når han fer upp frå oss?
21 So sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: Filistarane hev sendt Guds kista attende; kom hit ned og henta henne upp til dykk!