Første Samuelsbok 5
1 Filistarane tok Guds kista og førde henne frå Eben-Eser til Asdod.
2 Der tok filistarane og bar Guds kista inn i Dagons hus og sette henne jamsides med Dagon.
3 Tidleg andre dagen fekk Asdod-buane sjå at Dagon låg å gruve på golvet framanfor Herrens kista. Dei tok han og sette han på staden sin att.
4 Tidleg morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande å gruve på golvet framanfor Herrens kista, og hovudet hans og båe hendene låg avhogne på dørstokken; berre bulen var att av Dagon.
5 Difor er det Dagons-prestane og alle andre som gjeng inn i Dagons hus i Asdod, aldri stig på Dagons dørstokk; so er det endå i dag.
6 Herrens hand låg tungt på Asdod-folket; han tynte dei og søkte dei med svullsott, både i sjølve Asdod og i bygdene rundt ikring.
7 Då Asdod-mennene såg korleis det gjekk, sa dei: Kista åt Israels Gud skal ikkje vera hjå oss lenger; for handi hans råmar oss hardt, både oss og Dagon, guden vår.
8 So sende dei bod ikring og stemnde til seg alle filistarhovdingane og spurde: Kva skal me gjera med kista åt Israels Gud? Dei svar: Ho lyt flytjast til Gat. So flutte dei henne dit.
9 Men då dei vel hadde flutt henne, råma Herrens hand byen og valda ei ovstor redsla; han søkte folket i byen med sott, so det braut ut svullar både på små og store.
10 Då sende dei Guds kista til Ekron; men då ho kom dit, skreik Ekron-buane yver seg og sa: No hev dei flutt kista åt Israels Gud hit til meg og vil drepa meg og folket mitt.
11 So sende dei bod ikring og stemnde i hop alle filistarhovdingane og sa: Send kista åt Israels Gud burt, og lat henne koma attende på rette staden sin! Elles kjem ho til å drepa meg og folket mitt. For det var komi ei dauderedsla yver heile byen; Herrens hand låg ovtung på han.
12 Dei mennene som ikkje døydde, vart ille plaga av svullar, og naudropet frå byen steig upp til himmelen.