«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Samuelsbok 28

1  I same tidi bar det so til at filistarane samla herane sine og vilde draga i strid mot Israel. Då sa Akis til David: Du veit vel at du lyt fylgja meg i striden, både du og mennene dine.

2  David svara: Vel, då skal du få sjå kor mykje tenaren din skal gjera. Akis sa: Vel, so set eg deg til hovding yver livvakti mi for all tid.

3  Samuel var då avliden, og heile Israel hadde halde syrgjefest etter han og gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Og Saul hadde drive ut or landet dei som for med å mana fram daudingar og spåvette.

4  Då filistarane hadde samla seg, drog dei fram til Sunem og lægra seg der. Då samla Saul heile Israel, og dei lægra seg på Gilboa.

5  Men då Saul såg filisterlægret, vart han so redd at hjarta skalv i han.

6  Han spurde Herren; men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller med urim eller gjenom profetar.

7  So sa han til mennene sine: Finn meg ei kvinna som fer med å mana fram daudingar, so vil eg ganga til henne og spyrja henne! Mennene svara: I En-Dor er ei kvinna som kann mana.

8  Då skifte han klæde og hama seg til so ingen kunde kjenna han, og so gjekk han i veg; det var tvo mann med han. Dei kom til kvinna um natti, og Saul sa: Kjære, hjelp meg til ein spådom med manarkunsti di, og henta upp til meg den som eg nemner for deg!

9  Kvinna svara: Du veit då sjølv kva Saul hev gjort - at han hev rudt ut or landet alle som for med å mana fram daudingar og spåvette. Kvifor set du då ei snara for meg, so eg kjem til å lata livet?

10  Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: So visst som Herren lever: Det skal ikkje koma nokor skuld på deg for dette.

11  Kvinna spurde: Kven er det eg skal henta upp til deg? Han svara: Samuel.

12  Men då kvinna såg Samuel, skreik ho ende yver seg og sa til Saul: Kvifor hev du narra meg? Du er Saul!

13  Då sa kongen til henne: Ver ikkje redd! Men kva var det du såg? Kvinna svara: Eg såg ein gud som steig upp or jordi.

14  Saul spurde: Korleis ser han ut? Ho svara: Det er ein gamal mann som stig upp, og han er sveipt i et kåpa. Då skyna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jordi.

15  Og Samuel sa til Saul: Kvifor hev du uroa meg og henta meg upp? Saul svara: Eg er i stor naud; filistarane søkjer på meg, og Gud hev vike frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjenom profetar eller i draumar; difor kalla eg på deg, so du skulde lata meg få vita kva eg skal gjera.

16  Då sa Samuel: Kvifor spør du då meg, når Herren hev vike frå deg og vorte din uven?

17  No hev Herren gjort det som han tala um gjenom meg - Herren hev rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David.

18  For di du ikkje lydde Herren og ikkje let hans logande vreide få øyda Amalek, difor hev Herren gjort dette mot deg i dag.

19  Saman med deg skal Herren gjeva Israel og i hendene på filistarane, og i morgon skal du og sønene dine vera hjå meg; Israels-lægret skal Herren og gjeva i hendene på filistarane.

20  Då stupte Saul med ein gong i koll so lang han var, slik redsla kom det yver han då han høyrde ordi hans Samuel; ingi makt var det i han heller, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natti.

21  Kvinna kom burtåt han, og då ho såg kor forfærd han var, sa ho til han: Eg lydde deg, herre konge, og våga livet mitt og gjorde som du sa til meg.

22  So lyd no du og meg, herre, og lat meg få setja fram ein bete mat åt deg, og et det, so du kann styrkjast til du skal taka i veg att!

23  Men han baud av og sa: Eg vil ikkje hava noko mat. Då nøydde dei han, både mennene hans og kvinna, til han lydde dei. Han reis upp og sette seg på sengi.

24  Kvinna hadde ein gjødkalv standande inne; den skunda ho seg og slakta. So tok ho mjøl og knoda og baka hellekakor.

25  Med so gjort bar ho på bordet åt Saul og mennene hans, og dei åt; sidan reis dei upp og for sin veg same natti.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23