Første Samuelsbok 26
1 Sidan kom Sif-buane til Saul i Gibea og sa: Veit du at David held seg løynd på Kakilahaugen, beint imot øydemoen?
2 Då tok Saul ut og for ned til Sif-øydemarki og vilde leita etter David der, og med han var tri tusund mann, som han hadde valt ut or heile Israel.
3 Han lægra seg på Kakilahaugen, beint imot øydemoen, frammed vegen. David heldt seg i øydemarki, og då han skyna at Saul var komen etter han dit,
4 sende han ut speiarar og fekk vita for visst at Saul var komen.
5 So tok han ut og kom til den staden der Saul hadde lægra seg, og såg kvar han og Abner Nersson, herhovdingen hans, hadde lagt seg til ro; sjølv låg Saul i vognborgi, og herfolket hadde lægra seg rundt ikring han.
6 Då tok David til ords og sa til Akimelek, hetiten, og til Abisai, son åt Seruja og bror åt Joab: Kven vil vera med meg ned i lægret, til Saul? Abisai svara: Eg vil vera med deg.
7 Då det leid ut på natti, og David og Abisai kom burtåt heren, fekk dei sjå at Saul låg og sov i vognborgi; han hadde stunge spjotet i marki uppmed hovudgjerdi, og Abner og herfolket låg rundt ikring han.
8 Då sa Abisai til David: I dag hev Gud gjeve uvenen din i ditt vald. Lat meg no få renna spjotet gjenom han og ned i marki; det gjer eg med ein støyt, eg treng ikkje gjeva han fleire.
9 Men David svara: Drep han ikkje! Kven la strafflaust hand på den som Herren hadde salva?
10 So sa David: So visst som Herren lever: Herren skal sjølv råma han, anten no timen hans kjem, so han døyr, eller han fer i herferd og fær banen sin.
11 Herren frie meg frå å leggja hand på den som Herren hev salva! Men gjer no vel og tak spjotet, som stend uppmed hovudgjerdi hans, og vasskrukka, og lat oss so ganga vår veg!
12 So tok David spjotet og vasskrukka burt frå hovudgjerdi hans Saul, og dei gjekk sin veg; og det var ingen som såg det, og ingen som vart var dei, og ingen som vakna - dei sov alle saman; for Herren hadde late ein tung svevn koma på dei.
13 Sidan gjekk David yver på hi sida av dalen og stod på ein fjellknaus langt burte - det var eit godt stykke veg millom dei -
14 og han ropa burt til herfolket og til Abner Nersson: Svarar du ikkje, Abner? Abner svara: Kven er du som ropar hityver til kongen?
15 Då sa David til Abner: Visst er du ein gjæv mann; det finst ikkje din like i Israel! Kvifor hev du då ikkje vakt yver Herren din, kongen? Det hev vore ein hermann inne og vilja drepe kongen, herren din.
16 Det er ikkje godt det du hev gjort. So visst som Herren lever: De var verde å lata livet, av di de ikkje hev vakt yver herren dykkar, han som Herren hev salva. Sjå no etter kvar spjotet åt kongen er, og vasskrukka som stod uppmed hovudgjerdi hans!
17 Saul kjende att målet hans David og sa: Er det ditt mål eg høyrer, David, son min? David svara: Ja, herre konge!
18 Og han sa: Kvifor forfylgjer du tenaren din soleis, herre? Kva hev eg gjort, og kva vondt er i mi hand?
19 Høyr no, herre konge, på det eg segjer: Er det Herren som hev eggja deg upp imot meg, so blidka han med eit offer! Men er det menneske, so vere dei bannstøytte for Herrens åsyn, for di dei no hev drive meg burt, so eg ikkje fær bu i Herrens eige land - dei segjer: Gakk din veg og dyrka andre gudar!
20 Og lat no ikkje blodet mitt verta utrent langt burte frå Herrens åsyn, sidan Israels konge hev drege ut og leitar etter ei loppa, liksom dei jagar ei åkerhøna i fjellet.
21 Då sa Saul: Eg hev synda. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir, sidan du heldt livet mitt so dyrt i dag. No ser eg at eg hev bore meg uvitugt åt og fare fælande vilt.
22 David svara: Sjå her er spjotet ditt, konge! Lat ein av sveinane dine koma hityver og henta det!
23 Herren løner meg nok for mi rettferd og min truskap. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag; men eg vilde ikkje leggja hand på den han hev salva.
24 Og like gjævt som eg heldt ditt liv i dag, like gjævt vil Herren halda mitt liv, so han friar meg ut or all naud.
25 Då sa Saul til David: Gud velsigne deg, David, son min! Alt du tek deg fyre, skal du og vera god til å greida. So for David sin veg, og Saul drog heim att.