Første Samuelsbok 24
1 So for David burt derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.
2 Då no Saul kom heim att og hadde drive filistarane undan, fekk han bod um at David var i En-Gedi-øydemarki.
3 Då tok han med seg tri tusund mann, som han hadde valt ut or heile Israel, og drog av stad og vilde leita etter David og mennene hans på Steinbukk-høgdene.
4 Og han kom til sauekviene attmed vegen. Der var det ein heller; den gjekk han inn i og vilde vera for seg sjølv eit lite bel. Men David og mennene hans sat inst inni helleren.
5 Då sa mennene åt David til han: No er den dagen komen som Herren tala soleis um til deg: Sjå, no gjev eg uvenen din i ditt vald, so du kann gjera med han som du vil. So reiste David seg og skar i løynd ein snipp av kappa hans Saul.
6 Men sidan fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av snippen på kappa hans Saul,
7 og han sa til mennene sine: Herren frie meg frå å gjera slikt mot herren min, mot den som Herren hev salva, og leggja hand på han! Han er då den som Herren hev salva.
8 Og David skjente på mennene sine og let dei ikkje få lov til å taka på Saul. Men Saul tok ut frå helleren og gav seg på vegen att.
9 Då reis David og upp og gjekk ut or helleren og ropa etter Saul: Herre konge! Saul såg attum seg. Då la David seg på kne og bøygde seg med andletet mot jordi
10 og sa: Kvifor høyrer du på folk som segjer at David freistar å valda deg vondt?
11 I dag hev du då med eigne augo set at Herren hadde gjeve deg i mine hender i helleren; dei rådde meg til å drepa deg, men eg tykte synd i deg og sa: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren hev salva.
12 Men sjå her, far, her held eg snippen av kappa di i handi! Når eg skar denne snippen av kappa di og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje hev emna på noko vondt eller nokor misgjerning, og at eg ikkje hev forbrote meg mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
13 Herren skal døma millom meg og deg, og Herren skal hemna meg på deg, men mi hand skal ikkje lyfta seg mot deg;
14 det er som dei segjer for eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men mi hand skal ikkje lyfta seg mot deg.
15 Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du elter? Ein daud hund, ei loppa.
16 So skal då Herren vera domar og skifta rett millom meg og deg; han sjå åt og føre mi sak og døme meg fri or dine hender!
17 Då David hadde tala til endes, sa Saul: Er det du som talar, David, son min? Og han brast i og gret
18 og sa til David: Du er betre enn eg; du hev gjort meg godt, og eg hev gjort deg vondt.
19 I dag hev du synt meg kor god du hev vore mot meg, med di du ikkje drap meg då Herren hadde gjeve meg i ditt vald.
20 Kvar er den mannen som kjem yver uvenen sin og let han fara sin veg i fred? Herren løne deg for denne dagen - for det du hev gjort mot meg!
21 Eg veit alt at du skal verta konge og halda kongedømet yver Israel fast i di hand.
22 Sver meg då no ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje strjuka ut namnet mitt or farsætti mi!
23 Det svor David på. So for Saul heim att, og David og mennene hans steig upp til fjellborgi.