Første Samuelsbok 23
1 Folk kom og sa til David: Filistarane hev kringsett Ke'ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.
2 Då spurde David Herren: Skal eg draga ut og taka på desse filistarane? Og Herren svara: Drag ut og tak på filistarane og fria ut Ke'ila!
3 Men mennene hans David sa til han: Du veit me gjeng i otte her i Juda-landet; og so skulde me fara til Ke'ila, mot filistarfylkingane!
4 Då spurde han Herren endå ein gong, og Herren svara: Tak ut og drag ned til Ke'ila! Eg gjev filistarane i ditt vald!
5 So for David med mennene sine til Ke'ila og stridde mot filistarane; han drog av med feet deira og valda stort mannefald millom dei. Soleis berga David Ke'ila-buane.
6 Då Abjatar, son åt Akimelek, rømde til David i Ke'ila, hadde han messehakelen med seg dit ned.
7 Då Saul fekk spurt at David var komen til Ke'ila, sa han: Gud kjennest ikkje ved han og hev gjeve han i mine hender, sidan han sjølv hev stengt seg inne i ein by som hev vengeportar med slå fyre.
8 So baud han ut alt herfolket og vilde fara ned til Ke'ila og ringa David og mennene hans inne.
9 Då David skyna at det var mot han Saul emna på vondt, sa han til Abjatar, presten: Kom hit med messehakelen!
10 Sidan sa han: Herre, Israels Gud! Eg, tenaren din, hev fenge spurt at Saul etlar seg til Ke'ila og vil leggja byen i øyde for mi skuld.
11 Vil då Ke'ila-buane gjeva meg i hans hender? Vil Saul koma hit ned, som tenaren din hev fenge spurt? Herre, Israels Gud! Lat tenaren din få vita det! Og Herren svara: Ja, han kjem.
12 So spurde David: Vil Ke'ila-buane gjeva meg og mennene mine i Sauls hender? Og Herren svara: Ja, dei vil.
13 Då tok David og mennene hans ut, um lag seks hundrad i talet. Dei for burt frå Ke'ila og flakka ikring kvar helst det høvde. Men då Saul fekk spurt at David hadde sloppe burt frå Ke'ila, let han vera å draga ut.
14 Sidan heldt David til i øydemarki, i fjellborgene; helst heldt han seg i fjelli i Sif-øydemarki; og heile tidi leita Saul etter han, men Gud laga det so at han ikkje fall i hendene hans.
15 David skyna at Saul hadde drege ut og stod han etter livet. Men medan han var i skogen i Sif-øydemarki,
16 tok Jonatan Saulsson ut og kom til han der og styrkte modet hans i Gud.
17 Han sa til han: Ver ikkje redd! Saul, far min, når ikkje i deg. Du skal verta konge yver Israel, og eg skal vera næst etter deg. Det veit Saul, far min, og.
18 So gjorde dei samband for Herrens åsyn, dei tvo, og David vart verande i skogen, men Jonatan for heim til seg.
19 Nokre Sif-buar kom til Saul i Gibea og sa: Veit du at David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i skogen, på Kakilahaugen sunnanfor øydemoen?
20 So sant du hev hug til å koma hit ned, konge, so kom! Me skal syta for at du fær tak i han.
21 Saul svara: Herren velsigne dykk, at de hev slik medkjensla med meg!
22 Far no heim att og gjæt på han heretter og! Spør dykk fyre og sjå etter kvar han vankar, og kven som hev set han der! For dei hev sagt meg at han er svært slu.
23 Sjå dykk um og få greida på alle løyndeholone som han er van å løyna seg i, og kom so attende til meg med vissmun! So skal eg vera med dykk, og er han so sant i landet, skal eg leita han upp millom alle dei mange tusund i Juda.
24 So tok dei ut og for heim til Sif fyre Saul; men David og mennene hans var då i Maon-øydemarki, på moane sunnanfor øydemarki.
25 Sidan tok Saul i vegen med mennene sine og vilde leita etter David. Men David fekk vita det og drog ned til fjellknausen og heldt til i Maon-øydemarki. Då Saul fekk høyra det, sette han etter han inn i Maon-øydemarki.
26 Saul for på ei sida av fjellet og David og mennene hans på hi. Og David skunda seg på harde livet for å sleppa undan Saul, medan Saul og mennene hans freista å ringa David og mennene hans inne og taka dei.
27 Men best det var, fekk Saul det bodet: Skunda deg og kom! Filistarane hev brote inn i landet.
28 Då snudde Saul og elte ikkje David lenger, men drog imot filistarane. Difor kalla dei den staden Sela-Hammahlekot*.