Første Samuelsbok 20
1 No rømde David frå Nevajot ved Rama og kom og sa ope og endefram til Jonatan: Kva hev eg gjort? Kva brot og kva synd hev eg gjort mot far din, sidan han vil taka livet mitt?
2 Jonatan svara: Nei visst skal du ikkje missa livet! Du veit far gjer aldri noko, korkje stort eller smått, utan han let meg vita det. Kvifor skulde han då dylja dette for meg? Nei, det er ikkje so.
3 Men David svara med ein eid: Far din veit alt for vel at du hev godvilje for meg. Difor tenkjer han som so: Dette må ikkje Jonatan få vita; han kunde tykkja det vondt. Men so visst som Herren lever, og so visst som du sjølv er i live: Det er berre eit steg millom meg og dauden.
4 Då sa Jonatan til David: Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.
5 David svara: I morgon veit du det er nymåne-dagen. Då skulde eg med retten sitja til bords med kongen. Men gjev no du meg heimlov, so vil eg løyna meg ute på marki til i yvermorgon kveld.
6 Skulde so far din sakna meg, so lyt du segja: David naudbad meg at han måtte få fara heim til Betlehem som snøggast; for der held heile ætti hans no den årlege offerfesten sin.
7 Segjer han då: Det er vel - so kann tenaren din vera trygg; men vert han harm og ill, so kann du vera viss um at han er fullrådd på å gjera noko vondt.
8 Gjer då vel mot tenaren din, etter di du hev gjort fostbrorlag med meg i Herrens namn! Men er eg saka i noko brot, so drep du meg! Kvifor skulde du føra meg til far din?
9 Jonatan svara: Nei, soleis skal det aldri ganga! Skynar eg at far er fullrådd på at det skal henda deg noko vondt, so skal eg då visst segja deg det.
10 Då spurde David: Kven skal varsla meg um det eller segja meg um far din svarar deg ublidt?
11 Jonatan sa: Kom, lat oss ganga ut på marki! So gjekk dei båe ut på marki.
12 Og Jonatan sa til David: Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i yvermorgon dette leite skal eg røyna ut far min; ser eg so at han vil David vel, og eg ikkje då sender bod til deg og let deg vita det,
13 so gjev Herren må lata Jonatan bøta for det både no og sidan! Vil far min råda seg til å gjera deg noko vondt, so skal eg varsla deg, so du kann koma undan og fara din veg i fred. Og sidan vere Herren med deg, som han hev vore med far min!
14 Vil du ikkje, um eg endå* lever - vil du ikkje då gjera vel mot meg for Herrens skuld, so eg ikkje tarv døy?
15 Og aldri vil du lata ætti mi missa godviljen din, jamvel når Herren gjer ende på Davids fiendar og ryd dei ut av jordi alle som ein.
16 So gjorde Jonatan ei pakt med Davids hus og sa: Herren take hemn yver Davids fiendar!
17 Og Jonatan heldt på og naudbad David ved den kjærleiken han bar til han; for han hadde han so kjær som sitt eige liv.
18 Sidan sa Jonatan til han: I morgon er det nymåne-dagen, og dei kjem til å sakna deg når dei ser sessen din er tom.
19 Men i yvermorgon skal du skunda deg ned til den staden du heldt deg løynd den dagen ugjerningi skulde gjerast*, og setja deg attmed Ezelsteinen.
20 So skal eg skjota tri piler frammed der, liksom eg skaut til måls.
21 Då veit du eg sender sveinen min av stad til å finna pilene. Segjer eg so til sveinen: Sjå, pilene ligg hitanfor deg! Tak dei! - so kom du fram! For då kann du vera trygg; det stend ingen ting på, so visst som Herren lever.
22 Men segjer eg til guten: Sjå, pilene ligg burtanfor deg! - so tak ut! For då vil Herren at du skal fara burt.
23 Men det som me hev tala um, eg og du, det er Herren vitne på; han er vitne millom meg og deg i all æva.
24 So løynde David seg ute på marki. Då nymåne-dagen kom, og dei skulde halda måltid, sette kongen seg til bords.
25 Han sat der han var van å sitja, i høgsætet uppmed veggen. Jonatan reiste seg, og Abner sette seg ved sida av Saul; men romet åt David var tomt.
26 Saul gat ikkje noko den dagen; han tenkte: Det hev vel hendt han eitkvart, so han ikkje er rein*; - nei, han er nok ikkje rein.
27 Men då romet åt David stod tomt andre dagen og - dagen etter nyet - då sa Saul til Jonatan, son sin: Kvi hev ikkje Isai-sonen kome til måltidi korkje i går eller i dag?
28 Jonatan svara: David naudbad meg at han måtte få fara til Betlehem;
29 han sa: Kjære, gjev meg lov til å fara! For ætti vår held ei offerhøgtid der i byen, og bror min hev sjølv sagt meg til. Hev du nokon godvilje for meg, so gjer vel og slepp meg heim, so eg kann få helsa på brørne mine! Soleis hev det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.
30 Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: Du son til ei tuktlaus og stridig kvinna! Var det ikkje det eg visste at du held av Isai-sonen - til skam for deg sjølv og til skam for blygsli åt mor di!
31 For so lenge Isai-sonen er til på jordi, stend korkje du eller kongedømet ditt på fast grunn. Send no folk og henta han hit til meg - han skal døy!
32 Jonatan svara: Kvifor skal han døy? Kva hev han gjort?
33 Men Saul kasta spjotet imot han og vilde drepa han. Då skyna Jonatan at far hans var fullrådd på å drepa David.
34 Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat andre nymåne-dagen; for han tykte vondt for Davids skuld, av di far hans hadde hædt han.
35 Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marki på den tid han hadde avtala med David. Han hadde ein liten svein med seg
36 og sa til han: Spring og finn dei pilene eg skyt! Medan sveinen sprang av stad, skaut Jonatan pili burtum han,
37 og då sveinen kom dit som pili låg, den som Jonatan hadde skote, ropa Jonatan til han: Ligg ikkje pili burtanfor deg?
38 So ropa Jonatan endå ein gong til sveinen: Ver snøgg, skunda deg, statt ikkje der! Sveinen samla upp pilene og kom til husbonden sin med dei.
39 Han skyna ingen ting; det var berre Jonatan og David som skyna kva dette hadde på seg.
40 So gav Jonatan våpni sine til sveinen og sa til han: Gakk inn til byen med dette!
41 Då sveinen var komen inn til byen, kom David fram på sørsida [av steinen*]. Han la seg på kne og bøygde seg til jordi tri gonger. So kysstest dei og gret hjå kvarandre, og David storgret.
42 Og Jonatan sa til David: Far din veg i fred! Det som me tvo svor i Herrens namn då me sa: Herren vere vitne millom meg og deg og millom mi ætt og di ætt i all æva [det veit du skal standa ved lag].
43 So tok David ut og for sin veg; men Jonatan gjekk inn i byen.