Første Samuelsbok 19
1 Ein gong tala Saul til Jonatan, son sin, og til alle mennene sine um å drepa David. Men Jonatan Saulsson hadde David hjarteleg kjær
2 og fortalde han kva faren hadde sagt, og sa: Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Vara deg no i morgon tidleg! Finn deg eit løyne og haldt deg gøymt der,
3 so skal eg og far koma ut på marki der du er, og eg skal standa tett innmed far og tala med han um deg; vert eg då vis med noko, skal eg segja deg det.
4 Jonatan tala vel um David for Saul, far sin, og sa: Kongen skulde ikkje gjera urett mot David, tenaren sin! For han hev ikkje synda mot deg, men heller gjort ting som hev vore til stor bate for deg.
5 Han sette livet sitt i våge og felte filistaren, og Herren let heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då no gjera synd på skuldlaust blod og drepa David utan årsak?
6 Saul lydde etter ordi hans Jonatan og svor: So visst som Herren lever: Han skal ikkje lata livet!
7 Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman; sidan leidde han David fram for Saul, og han var hjå han som fyrr.
8 Men ufreden heldt ved, og David drog ut og stridde mot filistarane. Han valda stort mannefall millom dei, og dei rømde for han.
9 Då kom ei vond ånd frå Herren yver Saul medan han sat i halli med spjotet sitt i handi, og David spela på harpa.
10 Og Saul freista å renna spjotet gjenom David og inn i veggen; men David skaut seg undan, og spjotet for i veggen. Same natti rømde David og kom seg undan.
11 So sende Saul nokre menner til Davids hus; dei skulde vakta på han og drepa han um morgonen. Men Mikal, kona hans David, varsla han um det og sa: Bergar du deg ikkje undan i natt, so vert du drepen i morgon.
12 So fira ho han ned gjenom vindauga, og han rømde sin veg og kom undan.
13 Sidan tok Mikal husguden og la upp i sengi; ho la eit teppe av geiteragg uppmed hovudet og breidde eit åklæ yver.
14 Då so Saul sende folk som skulde henta David, sa ho: Han er sjuk.
15 So sende Saul same mennene av stad til å sjå korleis det var med David, og sa: Ber han hit til meg i sengi si - han skal lata livet!
16 Men då mennene kom inn, fekk dei sjå at det var husguden som låg i sengi med raggeteppet uppmed hovudet.
17 Då sa Saul til Mikal: Kvifor hev du narra meg soleis og hjelpt uvenen min til å sleppa undan? Mikal svara: Han sa til meg: Lat meg få sleppa burt, elles drep eg deg!
18 Då David hadde rømt og kome seg undan, for han til Samuel i Rama og fortalde han korleis Saul hadde fare med han. So gjekk han og Samuel til Nevajot og gav seg til der.
19 Med same Saul fekk spurt at David var i Nevajot ved Rama,
20 sende han nokre menner dit som skulde henta David. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var tekne av profetisk eldhug, og Samuel, som stod der og var føraren deira, då kom Guds Ande yver dei - yver dei mennene som Saul hadde sendt - so dei kom i profetisk eldhug dei og.
21 Då Saul fekk vita det, sende han andre menner; men dei og kom i profetisk eldhug. So sende han tridje gongen nye folk dit, men det gjekk like eins med dei.
22 Då for han sjølv til Rama. Som han no kom til den store brunnen i Seku, spurde han: Kvar er Samuel og David? Dei svara: I Nevajot ved Rama.
23 Då han so for dit, til Nevajot ved Rama, kom Guds Ande yver han og, so han gjekk i profetisk eldhug heile vegen, alt til han kom til Nevajot ved Rama.
24 Då reiv han av seg klædi - for han og var teken av profetisk eldhug medan han stod framfor Samuel - og han kasta seg ned og låg der naken* heile den dagen og natti med. Difor segjer dei: Er Saul og millom profetane?