Første Samuelsbok 18
1 Um Jonatan er å segja at då han hadde høyrt samtalen millom David og Saul, drogst hugen hans til David, og han fekk han so kjær som sitt eige liv.
2 Same dagen tok Saul han til seg og let han ikkje meir få fara heim att til far sin.
3 Og Jonatan gjorde fostbrorlag med David, av di han hadde han likso kjær som sitt eige liv.
4 Han tok av seg kappa han hadde på, og gav henne til David, og like eins herklædi sine og jamvel sverdet sitt og bogen og beltet.
5 Sidan drog David i herferd. Kva ærend Saul sende han i, stelte han seg visleg; Saul sette han yver stridsmennene sine, og han var vel umtykt av heile folket, jamvel av tenarane åt Saul.
6 Då dei kom heim att, då David kom attende etter han hadde felt filistaren, gjekk kvinnone ut frå alle byar i Israel og vilde møta kong Saul med song og dans, med trummeslått og fagnadrop og spel.
7 Og medan dei dansa, song dei: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal.
8 Då vart Saul brennande harm; han lika dei ordi ille og sa: Dei hev gjeve David titusund-tali, og meg hev dei gjeve tusundtali. No vantar det berre at han fær kongedømet.
9 Frå den dagen såg Saul alltid rangt på David.
10 Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud yver Saul, og han vart reint frå seg medan han sat inni halli si. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde, og Saul hadde eit spjot i handi.
11 Best det var, svinga han spjotet og tenkte: Eg skal renna spjotet gjenom David og inn i veggen. Men David bøygde seg undan tvo gonger.
12 Saul var redd David; for Herren var med han, men hadde vike frå Saul.
13 Difor sende Saul han burt og sette han til hovding for tusund mann. Sidan gjekk David fyre herfolket både ut i striden og heim att;
14 han stelte seg visleg i alt han tok seg fyre, og Herren var med han.
15 Då no Saul såg at David for so visleg fram, stokk han for han.
16 Men heile Israel og Juda heldt av David; for det var han som gjekk fyre dei både ut og heim.
17 Ein dag sa Saul til David: Sjå her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gjeva deg til kona. Lat meg berre sjå at du er ein djerv kar og strider Herrens stridar! For han tenkte med seg: Eg vil ikkje leggja hand på han; filistarane skal gjera det.
18 David svara: Ikkje er eg slik mann, og ikkje er eg av slik ætt i Israel at eg kann venta å verta måg åt kongen.
19 Men då tidi kom at David skulde føra Merab Saulsdotter heim, vart ho gift med Adriel frå Mehola.
20 Mikal, dotter åt Saul, hadde huglagt David. Då Saul fekk vita det, lika han det vel.
21 Saul tenkte: Han skal få henne; ho skal verta ei snara for han, so filistarane fær lagt hand på han. So sa han til David: Du skal få andre dotter mi; so vert du mågen min no.
22 Og til mennene sine sa han: Tala med David i løynd og seg: Kongen tykkjer vel um deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta måg åt kongen!
23 Då kongsmennene sa det til David, svara han: Tykkjer de det er so lite verdt å vera måg åt kongen? Eg er då berre ein fatig og ring mann.
24 Kongsmennene bar ordi hans i Saul og sa: Soleis svara David.
25 Då sa Saul: So skal de segja åt David: Kongen krev ikkje onnor festargåve enn fyrehudi av hundrad filistarar; soleis vil kongen hemna seg på fiendane sine. Men Saul tenkte med seg: Då kjem filistarane til å drepa han.
26 Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, var han glad av di han skulde verta måg åt kongen, og fyrr tidi var ute,
27 gjorde han seg reidug og for i vegen med mennene sine. Han slo i hel tvo hundrad mann av filistarane, tok fyrehudene deira med seg og la dei fulltalde fram for kongen, so han kunde verta mågen hans. Då let Saul han få Mikal, dotter si.
28 No såg og skyna Saul at Herren var med David; og Mikal Saulsdotter heldt av han.
29 Då vart Saul endå reddare David og var sidan hans uven all si tid.
30 Filistarhovdingane for jamleg i herferd, og kvar gong dei drog ut, for David vislegare åt og var hepnare enn alle hermennene åt Saul, og han vann eit stort namn.