Første Samuelsbok 17
1 Då det leid um ei tid, drog filistarane i hop herflokkane sine og budde seg til strid. Dei samla seg i Soko, som høyrer til Juda-fylket, og lægra seg innmed Efes-Dammim, millom Soko og Aseka.
2 Saul og Israels-mennene samla seg og; dei slo læger i Terebinte-dalen og fylkte seg til å taka imot filistarane.
3 Filistarane stod i den eine lidi og israelitane i hi, so dei hadde dalen imillom seg.
4 Best det var, gjekk ei holmgangskjempa fram or filistarlægret; han heitte Goliat og var frå Gat; han var seks alner og ei spann høg.
5 Han hadde ein koparhjelm på hovudet og var klædd i ei ringbrynja, som og var av kopar og vog fem tusund sekel.
6 På leggene hadde han koparspenger, og på ryggen bar han eit kastespjot av kopar.
7 Skaftet på langspjotet hans var som storeréven på ein vev, og jarnet i odden på det vog seks hundrad sekel, og skjoldberaren hans gjekk fyre han.
8 Han steig fram og ropa til Israels-fylkingi: Kvifor dreg de ut og fylkjer dykk til strid? Er ikkje eg filistaren og de trælar åt Saul? Vel dykk ein mann som de vil senda ned til meg!
9 Er han før til å slåst med meg og fær felt meg, so skal me vera trælane dykkar; men vinn eg på han og feller han, so skal de vera våre trælar og tena oss.
10 So sa filistaren: I dag hev eg hædt Israels-fylkingi; få meg no hit ein mann som eg kann slåst med!
11 Då Saul og heile Israel høyrde desse ordi av filistaren, stokk dei og vart fælande redde.
12 David var son åt den efratiten frå Betlehem i Juda-fylket som fyrr er nemnd, han som heitte Isai. Den mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamal og langt fram i åri komen.
13 Dei tri eldste sønene hans hadde fylgt Saul på herferdi. Av desse tri sønene - dei som var farne i herferd - heitte den eldste Eliab, den andre Abinadab og den tridje Samma.
14 David var den yngste. Dei tri eldste hadde fylgt Saul,
15 men David gjekk jamleg heim att frå Saul og gjætte småfeet åt far sin i Betlehem.
16 Filistaren steig fram og baud seg ut både morgon og kveld i fyrti dagar.
17 So sa Isai ein dag til David, son sin: Kjære, tak ein efa av dette brunka kornet og desse ti brødi som er etla åt brørne dine, og skunda deg til lægret med det, til brørne dine!
18 Og desse ti søtost-skivone skal du hava med til øvste hovdingen. Sjå so etter korleis det stend til med brørne dine, og få ei vissa av dei!
19 Dei og alle dei andre Israels-mennene er hjå Saul i Terebinte-dalen og slæst med filistarane.
20 Andre morgonen var David tidleg på føtene. Han fekk ein annan til å gjæta småfeet; so tok han det han skulde hava med seg og tok i veg, som Isai hadde sagt han fyre. Då han kom til vognborgi, var heren åt og fylkte seg, og herropet ljoma.
21 Både Israel og filistarane stod budde til strid, fylking mot fylking.
22 David la tyet sitt frå seg hjå den som hadde tilsyn med føringsvognene. So skunda han seg burt til fylkingi; der fann han brørne sine og helsa på dei.
23 Best han stod og rødde med dei, steig holmgangskjempa - filistaren som dei kalla Goliat frå Gat - fram or filistarfylkingi og ropa ut same ordi som fyrr, og David høyrde det.
24 Alle Israels-mennene rømde undan då dei såg kjempa, og var fælande redde.
25 Men ein av Israels-mennene sa: Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel - det er det han kjem for! Den som feller han, vil kongen gjera ovrik; han vil gjeva han dotter si til kona og gjera ætti hans fri for alle skattar og tyngslor i Israel.
26 Då spurde David dei som stod innmed han: Kva fær den som feller denne filistaren og tek skammi burt frå Israel? Kven er han då, denne u-umskorne filistaren, at han vågar å spotta heren åt den levande Gud?
27 Folki tok upp att åt han dei same ordi* og sa: Alt det fær den mannen som feller kjempa.
28 Då Eliab, eldste bror hans David, høyrde kva han tala med mennene um, vart han harm på han og sa: Kva vil du her? Og kven hev du fenge til å gjæta dei tvo-tri sauene burti øydemarki? Eg kjenner dei store tankane dine og det vonde du hyser i hjarta ditt; du vil sjå på striden - det er difor du er komen hit.
29 David svara: Kva gale hev eg no gjort? Det var då berre eit spursmål.
30 So vende han seg frå han til ein annan og tok upp att spursmålet sitt*, og folki svara det same som fyrste gongen.
31 Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk og høyra det. Han sende bod etter han,
32 og David sa til Saul: Ingen må missa modet! Tenaren din vil ganga av stad og slåst med denne filistaren.
33 Men Saul svara: Du er ikkje før til å ganga imot denne filistaren og slåst med han; for du er berre ungguten, og han hev vore hermann alt ifrå ungdomen.
34 Då sa David: Tenaren din gjætte jamleg småfeet for far sin; kom då ei løva eller ein bjørn og rana ein sau or flokken,
35 so sprang eg etter og slo udyret og reiv sauen ut or gapet på det; og reis det å ende imot meg, greip eg det i skjegget og slo det til det dauda.
36 Både løva og bjørn slo tenaren din i hel, og like eins skal det ganga denne u-umskorne filistaren, sidan han hev spotta heren åt den levande Gud.
37 So sa David: Herren, som hjelpte meg mot løva og bjørnen, han hjelper meg nok mot denne filistaren og. Då sa Saul til David: Gakk då! Herren vil nok vera med deg.
38 So let han David få sine eigne klæde og sette ein koparhjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynja.
39 Og David batt sverdet hans um seg utanpå herklædi og vilde til å ganga; for han hadde ikkje prøvt det fyrr. Men so sa han til Saul: Eg fær ikkje ganga med dette på meg; eg er ikkje van med det. So la han det av seg
40 og tok staven sin i handi. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i hyrdingtaska som han hadde på seg. Og slyngja si hadde han i handi. So gjekk han fram mot filistaren.
41 Medan kom filistaren næmare og næmare burtimot David, og skjoldberaren hans gjekk fyre han.
42 Då filistaren såg ikring seg, vart han var David, men vyrde han ikkje for noko, av di han var ein unggut, raudleitt og ven å sjå til.
43 Filistaren ropa til David: Held du meg for ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar? Og han banna David ved guden sin.
44 So sa han: Kom hit til meg, so skal eg gjeva kjøtet ditt til fuglane i lufti og villdyri i skogen.
45 David svara: Du kjem imot meg med sverd og langspjot og kastespjot; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers Gud, han som er Gud for Israels fylkingar - han som du hev spotta.
46 I denne dag skal Herren gjeva deg i mitt vald; og eg skal slå deg i hel og skilja hovudet ditt frå bulen, og liki av filistarheren skal eg i denne dag gjeva til fuglane i lufti og villdyri på jordi, so all jordi skal få sjå at Israel hev ein Gud.
47 Og heile denne lyden skal få sjå at det ikkje er med sverd og spjot Herren gjev siger; for det er Herren som råder for endelykti på striden, og han skal gjeva dykk i vårt vald.
48 Då no filistaren gjorde seg reidug og gjekk fram og kom næmare burtimot David, skunda David seg og sprang fram imot fylkingi, til møtes med filistaren.
49 David stakk handi ned i taska og tok upp ein stein; den sende han ut med slyngja og råka filistaren i panna, so steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte framlenges i marki.
50 Soleis vann David yver filistaren med slyngja si og steinen og felte han, so filistaren låg daud, endå David ikkje hadde noko sverd i handi.
51 Med so gjort sprang David fram og steig innåt filistaren. Han tok og drog sverdet hans ut or slira, gav han so banestøyten med det og hogg hovudet av han. Med same filistarane såg at kjempa deira var daud, rømde dei.
52 Og Israels- og Juda-mennene styrmde fram med høge herrop og elte filistarane til tett innåt Gat og radt til Ekron-portane. Mange filistarar fall og låg drepne på vegen til Sa'ara'im og heilt burtåt Gat og Ekron.
53 So langt sette Israels-borni etter filistarane; so snudde dei attende og herja lægret deira.
54 David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem; men våpni la han i tjeldbui si.
55 Då Saul såg David ganga fram imot filistaren, sa han til Abner, herhovdingen: Kven er den guten son til, Abner? Abner svara: So visst som du lever, konge, eg veit ikkje det.
56 Då sa kongen: Spør etter du kven den ungdomen er son åt!
57 Då so David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og leidde han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handi.
58 Og Saul spurde han: Kven er du son åt, gut? David svara: Eg er son åt Isai frå Betlehem, tenaren din.