«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Samuelsbok 14

1  So hende det ein dag at Jonatan, son åt Saul, sa til våpensveinen sin: Kom, lat oss ganga yver til filistar-utposten der burte på hi sida! Men han tala ikkje til far sin um det.

2  Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen som stend innmed Migron, og herfolket han hadde hjå seg, var um lag seks hundrad mann.

3  Der var og Akia Akitubsson, bror åt Ikabod, son åt Pinehas og soneson åt Eli, Herrens prest i Silo; det var han som då bar messehakelen. Men folket visste ikkje at Jonatan hadde gjenge burt.

4  Millom skardi som Jonatan freista å koma fram igjenom for å nå yver til filistar-utposten, var det ein bratt berghamar på kvar sida; den eine hette Boses og den andre Sene.

5  Den eine av desse hamrane ris bratt i veret på nordsida, midt for Mikmas, og hin på sudsida, midt for Geba.

6  So sa då Jonatan til våpensveinen sin: Kom, lat oss ganga yver til utposten åt desse u-umskorne! Herren hjelper oss nok. Det er ingen vande for Herren å lata dei han vil, vinna, anten dei er få eller mange.

7  Våpensveinen svara: Gjer alt som du hev i tankar! Berre gakk på! Eg fylgjer deg kvar du vil.

8  Då sa Jonatan: No gjeng me burtyver til karane, so langt at dei vert vare oss.

9  Segjer dei då til oss: Statt stille til me kjem burtåt dykk! - so stanar me der me er, og gjeng ikkje upp til dei.

10  Men segjer dei: Kom upp til oss! - so tek me det til mark på at Herren hev gjeve dei i våre hender, og då gjeng me upp.

11  Då dei no båe var komne so langt at ein kunde sjå dei frå utpostane, sa filistarane: Sjå der kjem hebrearane fram or holone dei hev løynt set i!

12  Og utpostmennene ropa til Jonatan og våpensveinen hans: Kom upp til oss, so skal me segja dykk noko! Då sa Jonatan til våpensveinen: Fylg meg! For Herren hev gjeve dei i Israels hender.

13  So kleiv Jonatan upp på hender og føter, og våpensveinen etter; og Jonatan felte dei, og våpensveinen fylgde etter og gjorde det av med dei.

14  I det fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei um lag tjuge mann på ei vidd som svara til helvti av den marki ein kann pløgja på ein dag.

15  Då kom det ein fælske yver heile filistarheren både i og utanfor lægret; utpostane og herjeflokkane vart fælne dei med. Jordi skalv og alle vart tekne av ein fælske frå Gud.

16  Som no vaktpostane åt Saul i Gibea i Benjamins-fylket såg burtyver, vart dei vare at hopen var i uro, og at dei heldt på og støytte og trengde kvarandre.

17  Då sa Saul til folket som var med han; Tel etter og sjå um nokon av våre er burte! So talde dei etter og då fekk dei sjå at Jonatan og våpensveinen hans ikkje var der.

18  Då sa Saul til Akia: Kom hit med Guds kista! For Guds kista var på den tidi der hjå Israels-borni.

19  Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarlægret meir og meir, og han sa til presten: Det kann vera det same.

20  So samla Saul folki sine ikring seg; men då dei kom dit som striden stod, fekk dei sjå at fiendane hadde lyft sverdi mot kvarandre, og alt var i ei røra.

21  Då hebrearane som frå fyrr stod under filistarane, og som hadde fare med dei upp og var spreidde rundt i lægret deira, dei slo og lag med Israels-heren som fylgde Saul og Jonatan.

22  Og då dei Israels-mennene som hadde løynt seg i Efra'ims-fjelli, fekk høyra at filistarane hadde teke på flog, sette alle dei og etter dei og gav seg med i striden.

23  Soleis hjelpte Herren Israel den dagen, og striden drog seg burtum Bet-Aven.

24  Det røynde hardt på Israels-mennene den dagen, og Saul let herfolket sverja denne eiden: Forbanna vere den som tek mat til seg fyrr det vart kveld, og eg hev teke hemn yver fiendane mine! Då var det ingen i heile heren som smaka mat.

25  So kom alt herfolket inn i skogen; der var det honning på marki,

26  og med same dei kom dit, såg dei at det rann flust med honning der; men ingen torde føra handi til munnen, slik age hadde folket for eiden.

27  Jonatan hadde ikkje høyrt på at far hans let folket gjera eiden; han rette fram staven han hadde i handi og duppa enden på han i honningen og førde so handi til munnen att; då vart augo han klåre.

28  Ein av hermennene tok til ords og sa: Far din hadde herfolket til å sverja sovoren eid: Forbanna vere den som et noko i dag! Difor hev folki no vorte trøytte.

29  Jonatan svara: Far min hev ført ulukka yver landet; sjå berre kor klåre augo mine vart då et smaka litt på denne honningen!

30  Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane, hadde folki våre i dag fenge eta seg mette av herfanget dei hev teke frå fiendane sine.

31  Kor som var, slo dei den dagen filistarane og elte dei frå Mikmas til Ajalon. Men då var folki reint utmødde,

32  og dei kasta seg yver herfanget, tok småfe og storfe og kalvar og slakta dei på marki og åt kjøtet med blodet i.

33  Det kom nokre menner til Saul og fortalde det og sa: Folket syndar mot Herren og et kjøt med blodet i. Då sa Saul: De hev vore utrue*; velt no hit ein stor stein!

34  So sa han: Gakk ikring millom folket og seg til dei at kvar og ein av dei skal koma hit til meg med uksen sin og lambet sitt og slakta dei her; so kann dei eta kjøtet - dei må ikkje synda mot Herren og eta kjøtet med blodet i. Då kom kvar mann i heren leidande med kvar sin ukse um natti og slakta dei der.

35  Og Saul bygde eit altar for Herren; det var det fyrste altaret han bygde for Herren.

36  Sidan sa Saul: Lat oss setja etter filistarane nedigjenom i natt og herja millom dei til dagen renn! Lat oss øyda dei, so ingen vert att! Dei svara: Gjer i alle måtar som du tykkjer det best! Men presten sa: Lat oss stiga hit fram for Gud!

37  So spurde Saul Gud: Skal eg setja etter filistarane nedigjenom? Vil du gjeva dei i hendene på Israel? Men Gud svara han ikkje den dagen.

38  Då sa Saul: Kom hit alle hovdingar millom folket! Ransaka og røk etter korleis det hev seg med den syndi som er gjord i dag!

39  For so visst som Herren lever, han som bergar Israel: Um det so er Jonatan, son min, som ber skuldi, so skal han døy! Men ingen av heile folket svara han eit ord.

40  So sa han til heile Israel: De skal standa på den eine sida, og eg og Jonatan, son min, på den andre. Og folket svara: Gjer som du tykkjer det best!

41  Då sa Saul til Herren, Israels Gud: Lat sanningi koma for dagen! Og luten fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.

42  So sa Saul: Kasta lut millom meg og Jonatan, son min! Og luten fall på Jonatan.

43  Då sa Saul til Jonatan: Seg meg kva du hev gjort! Jonatan fortalde han det og sa: Eg tok litt honning på enden av staven eg hadde i handi, og smaka på det; her stend eg og er budd på å døy.

44  Då sa Saul: Gud late meg bøta for det både no og sidan um du ikkje no lyt døy, Jonatan!

45  Men folket sa til Saul: Skal Jonatan døy, han som hev vunne denne store sigeren i Israel? Det skal aldri henda! So visst som Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet hans! For det er med Guds hjelp han hev gjort det han hev gjort i dag. Soleis berga folket Jonatan, so han ikkje miste livet.

46  Men Saul for heim og elte ikkje filistarane lenger, og filistarane for heim til sitt land.

47  Då Saul hadde vunne kongedømet i Israel, stridde han mot alle fiendane sine rundt ikring: mot Moab og Ammons-borni, mot Edom og Sobakongane og mot filistarane, og kvar helst han vende seg, tukta han dei.

48  Han vann seg stort velde og slo amalekitane og berga Israel frå dei som herja det.

49  Sønene åt Saul var Jonatan og Jisvi og Malkisua, og av dei tvo døtterne hans heitte den eldste Merab og den yngste Mikal.

50  Kona åt Saul heitte Akinoam og var dotter åt Akima'as. Herhovdingen åt Saul heitte Abner og var son åt Ner, som var farbror åt Saul;

51  for Kis, far åt Saul og Ner, far åt Abner, var båe søner åt Abiel.

52  Striden mot filistarane var hard so lenge Saul levde, og so tidt Saul såg ei kjempa eller ein djerv kar, tok han dei i si tenesta.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23