Første Samuelsbok 13
1 Saul hadde då vore konge eitt år. Då han hadde vore konge yver Israel i tvo år,
2 valde han seg ut tri tusund mann av Israels-folket; av dei hadde han tvo tusund hjå seg i Mikmas og i Betel-fjelli, og eitt tusund var med Jonatan i Gibea i Benjamins-fylket. Alt hitt folket sende han frå seg og let dei fara heim att.
3 Jonatan hogg ned filistarvakti i Geba, og filistarane fekk spurt det. Men Saul let luren ljoma yver heile landet og sa: Hebrearane skal høyra det.
4 Heile Israel fekk høyra at Saul hadde hogge ned filistarvakti, og at filistarane var arge på Israels-folket for det same. Og folket vart utbode til å fylgja Saul til Gilgal.
5 Filistarane samla seg og vilde strida mot Israel; dei hadde tretti tusund vogner og seks tusund hestfolk, og fotfolk so mange som sanden på havsens strand; og dei drog upp og slo læger ved Mikmas, attanfor Bet-Aven.
6 Då no Israels-mennene såg kva fåre dei var i, av di filistarane trengde på, då løynde folket seg i hellerar og klungerkjørr og gjel og tårn og brunnar.
7 Sume av hebrearane gjekk yver Jordan til Gad- og Gilead-landet; men Saul var enno i Gilgal, og alt folket fylgde han skjelvande.
8 Han venta sju dagar - til den tidi Samuel hadde sett, men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreida seg og ganga frå han.
9 Då sa Saul: Kom hit til meg med brennofferet og takkofferet! Og so bar han fram brennofferet.
10 Men då han vel hadde bore fram brennofferet, då kom Samuel, og Saul gjekk til møtes med han og vilde beda han vera velkomen.
11 Då sa Samuel: Kva hev du gjort? Saul svara: Då eg såg at folket tok til å spreida seg og ganga frå meg, og du ikkje kom til den tidi som var sett, og filistarane samla seg ved Mikmas,
12 so tenkte eg: No kjem filistarane ned til Gilgal og tek på meg fyrr eg hev fenge blidka Herren, og so våga eg meg til å bera fram brennofferet.
13 Då sa Samuel til Saul: Du hev fare uvetugt åt, du hev ikkje lydt det bodet som Herren din Gud la på deg; hadde du gjort det, so hadde Herren no stadfest kongedømet ditt yver Israel for all tid.
14 Men no skal kongedømet ditt ikkje standa ved lag; Herren hev leita seg ut ein mann etter sitt hjarta, og han hev Herren etla til fyrste yver folket sitt, av di du ikkje hev lydt det bodet som Herren la på deg.
15 So gjorde Samuel seg reidug og for frå Gilgal upp til Gibea i Benjamins-fylket, og Saul mynstra herfolket han hadde med seg - det var um lag seks hundrad mann.
16 So låg då Saul og Jonatan, son hans, I Geba i Benjamins-fylket med det herfolket som var hjå dei, og filistarane hadde lægra seg ved Mikmas.
17 Då drog det ein flokk ut frå filistarlægret og skulde herja i landet; han var skift i tri hopar; ein hop tok leidi til Ofra i Sualbygdi,
18 ein stemnde til Bet-Horon, og ein tok inn på vegen til den bygdi som ris upp yver Sebo'imdalen, der det ber burtimot øydemarki.
19 Den gongen fanst det ingen smed i heile Israels-landet; for filistarane hadde ikkje vilja at hebrearane skulde få gjera seg sverd eller spjot.
20 Difor laut kvar mann i Israel fara ned til filistarane når han vilde få smidd seg plogjarn eller grev eller øksar eller ristlar,
21 eller når eggi var skjemd på plogjarni eller grevi eller greipene eller øksane, eller når han skulde få sett på ein pigg.
22 Soleis gjekk det til at den dagen då striden stod, fanst det korkje sverd eller spjot hjå nokon av dei folki som var med Saul og Jonatan; Berre Saul og Jonatan hadde slike våpen.
23 Filistarane skaut ein av utpostane sine fram til Mikmasskardet.