Første Samuelsbok 11
1 Nahas, ammoniten, gjorde ei herferd og kringsette Jabes i Gilead. Då sa alle Jabes-buane til han: Gjer fred med oss, so skal me tena det!
2 Men Nahas, ammoniten, svara: Ja, eg vil gjera fred med dykk, men berre på det vilkåret at eg sting ut høgre auga på kvar av dykk og soleis fær gjort vanæra på heile Israel.
3 Då sa styresmennene i Jabes til han: Gjev oss frest i sju dagar, so me kann senda bod kringum i heile Israels-riket! Er det då ingen som hjelper oss, so vil me gjeva oss yver til deg.
4 Då dei som for med bodet, kom til Gibea, heimstaden åt Saul, og bar fram ærendi si for folket, brast heile folket i gråt.
5 I same stundi kom Saul heim av åkeren med uksane sine fyre seg. Han spurde: Kva hev kome åt folket med di dei græt? So fortalde dei han kva bod Jabes-mennene hadde bore.
6 Då Saul høyrde det, kom Guds Ande yver han, og harmen loga upp i hugen hans.
7 Han tok tvo uksar og luta dei upp og sende lutene kring i heile Israels-riket med bodberarane, som skulde segja: So skal dei gjera med uksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden, Då kom det ein otte frå Herren yver folket, og dei drog ut alle som ein.
8 Han mynstra dei i Besek; det var tri hundrad tusund Israels-søner og tretti tusund Juda-menner.
9 So sa dei til sendemennene som var komne: Seg til Jabes-buane: I morgon høgstdags leite skal det kome hjelp åt dykk! Då sendemennene kom heim att med det bodet, vart Jabesbuane glade,
10 og dei sa [til ammonitane]: I morgon vil me gjeva oss yver til dykk so fær de gjera med oss som de synest!
11 Dagen etter skipa Saul folket i tri hopar, og fyrstundes i otta braut dei seg inn i lægret og hogg ned ammonitane, og dei heldt ikkje upp fyrr det leid til høgstdags. Dei som var att, vart spreidde vida ikring - det vart ikkje att tvo mann på ein stad.
12 Då sa folket til Samuel: Kven var det som sa: Skal Saul vera konge yver oss? Hit med karane, so me kann få slå dei i hel.
13 Men Saul sa: På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag hev Herren gjeve Israel siger.
14 Og Samuel sa til folket: Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!
15 So for alt folket til Gilgal, og der i Gilgal gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn og ofra takkoffer for Herrens åsyn. Og Saul og alle Israels-mennene gledde seg storleg.