Peters første brev 1
1 Peter, Jesu Kristi apostel, til dei utlendingar som er spreidde i Pontus, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, utvalde
2 etter Gud Faders fyrevitende, ved Andens helging, til lydnad og yverskvetting med Jesu Kristi blod: Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!
3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som etter si store miskunn hev atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi uppstoda frå dei daude,
4 til ein uforgjengeleg og flekklaus og uvisneleg arv, som er gøymd i himmelen åt dykk,
5 de som ved Guds makt vert haldne uppe ved trui til den frelsa som er ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6 Det gleder de dykk yver, um de og no ei lita stund - når so skal vera - er sorgtyngde i ymse freistingar,
7 So dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull, som då vert prøvt i eld, må verta funni til lov og pris og æra når Jesus Kristus vert openberra,
8 han som de ikkje hev kjent, men endå elskar, han som de no ikkje ser, men endå trur på, og difor gleder de dykk med usegjeleg og herleggjord gleda,
9 når de vinn fram til endemålet for trui dykkar, frelsa for sjelene.
10 Um denne frelsa var det profetane granska og ransaka, og dei som spådde um den nåden de skulde få,
11 med di dei ransaka kva tid eller kva slag tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til når han vitna fyreåt um Kristi lidingar og um herlegdomen deretter;
12 for det vart openberra for dei at dei tente ikkje seg sjølve, men oss med dette som no er kunngjort igjenom dei som hev forkynt dykk evangeliet ved den Heilage Ande, som vart send frå himmelen - dette som englane hev hug til å skoda inn i.
13 Difor, umgyrd dykkar hugs lender, ver edrue, og set dykkar von fullt og fast til den nåden som de fær når Jesus Kristus vert openberra!
14 Som lydige born skal de ikkje skikka dykk etter dei fyrre lystene i dykkar vankunna,
15 men ver, etter den Heilage som kalla dykk, ogso de heilage i all dykkar ferd!
16 For det stend skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.
17 Og når de påkallar som Fader han som dømer utan å gjera mannemun, etter kvar mannsgjerning, so ferdast med otte den tid de lever i utlendingskapen;
18 for de veit at de ikkje med forgjengelege ting, sylv eller gull, vart frikjøpte frå dykkar fåfengelege ferd, som de hadde ervt ifrå federne,
19 men med Kristi dyre blod som blodet av eit ulastande og lytelaust lamb,
20 han som var kjend fyreåt, fyrr verdi vart grunnlagt, men vart openberra ved enden av tidene for dykkar skuld,
21 de som ved han trur på Gud, som vekte han upp frå dei daude og gav han herlegdom, so trui dykkar og er von til Gud.
22 Reinsa sjelene dykkar i lydnad mot sanningi til uskrymta broderkjærleik, og elska kvarandre inderleg av hjarta,
23 de som er atterfødde, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæde, ved Guds ord, som lever og varer!
24 For alt kjøt er som gras, og all herlegdomen hjå det som blom på gras: graset visna, og blomen på det fall av,
25 Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt dykk ved evangeliet.