«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 9

1  Då Salomo hadde fullført byggverki sine, både Herrens hus og kongshuset og alt anna han ynskte seg og hadde hug til å gjera,

2  då synte Herren seg for han andre gongen, soleis som han hadde synt seg for han i Gibeon.

3  Og Herren sa til han: Eg hev høyrt den bøni og det audmjuke ynsket som du bar fram for mi åsyn. Eg hev helga dette huset som du hev bygt; eg skal lata namnet mitt bu der i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.

4  Ferdast du no for mi åsyn, som David, far din, gjorde, i hjartans reinleik og i ærlegdom - gjer du alt eg hev sagt deg, og held du bodi og lovene mine,

5  so skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til æveleg tid, soleis som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.

6  Men vender de dykk burt frå meg, de og borni dykkar, og held de ikkje dei bodi og lovene eg hev lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og tilbeda dei,

7  då vil eg rydja Israel ut or det landet eg gav dei; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja burt ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.

8  Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kven som gjeng framum, fæla og spotta; og når nokon spør kvifor Herren hev fare so med dette landet og dette huset,

9  so skal folk svara: For di dei vende seg burt frå Herren sin Gud, han som førde federne deira ut or Egyptar-landet, og heldt seg til andre gudar og tilbad dei og dyrka dei, difor hev Herren ført all denne ulukka yver dei.

10  Då no dei tjuge åri var lidne som Salomo hadde bygt på dei tvo husi, Herrens hus og kongshuset,

11  gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjuge byar i Galilea; for Hiram hadde hjelpt Salomo med sedertre og cypresstre og gull, so mykje han vilde hava.

12  Men då Hiram kom frå Tyrus og skulde sjå på dei byane han hadde fenge av Salomo, lika han dei ikkje.

13  Han sa: Kva er dette for byar du hev gjeve meg, bror? Og han kalla dei Kabuls-landet*, og det hev vore namnet deira til denne dag.

14  Hiram hadde sendt kongen hundrad og tjuge talent gull.

15  No skal de få høyra korleis det hadde seg med det arbeidsfolket som kong Salomo tok ut til å byggja Herrens hus og sitt eige hus og Millo og murane kring Jerusalem og Hasor og Megiddo og Geser:

16  Farao, kongen i Egyptar-land, hadde gjort ei herferd og teke Geser og brent byen; kana'anitane som budde der, hadde han drepe, og byen hadde han gjeve dotter si, kona åt Salomo, heimanfylgja;

17  sidan bygde Salomo Geser upp att, og like eins bygde han Nedre Bet-Horon,

18  og Ba'alat og Tadmor i øydemarki som høyrer til det landet,

19  og alle dei byane han hadde sine vareupplag i, og dei byane som stridsvognene og hestfolket var i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, båd' i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde yver.

20  Alle som var att av amoritane, hetitane, ferisitane, hevitane og jebusitane, folk som ikkje var av Israels ætt -

21  etterkomarane etter desse folki, so mange som endå var att i landet, med di Israels-borni ikkje hadde vore god til å bannstøyta dei, dei var det Salomo tok ut til arbeidsfolk og gjorde til trælar, og det hev dei vore til denne dag.

22  Men av Israels-borni sette han ikkje nokon til å gjera trælearbeid; dei var hermennene hans og tenarane og hovdingane og drabantane hans og hovdingar yver stridsvognene og hestfolket hans.

23  Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundrad og femti i talet; dei hadde rådvelde yver det folket som gjorde arbeidet.

24  Med same dotter åt Farao hadde flutt upp frå Davids-staden til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i veg med å byggja Millo.

25  Tri gonger um året bar Salomo fram brennoffer og takkoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn og hadde no huset ferdigt.

26  Kong Salomo bygde og skip i Esjon-Geber, som ligg innmed Elot, på Raudehavs- strandi, i Edoms-landet.

27  På dei skipi sende Hiram røynde sjømenner av folki i lag med folki åt Salomo.

28  Dei for til Ofir og henta gull der, fire hundrad og tjuge talent, og hadde det heim til kong Salomo.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23