Første Kongebok 6
1 Det var i fire hundrad og åttiande året etter utferdi åt Israels-borni or Egyptar-landet, i månaden siv - det er andre månaden - fjorde året etter Salomo hadde vorte konge yver Israel, at han tok til å byggja huset for Herren.
2 Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjuge alner breidt og tretti alner høgt.
3 Forhalli framfor det heilage romet var tjuge alner lang, svarande til breiddi på huset, og ti alner breid, mælt ut frå huset.
4 På huset laga han vindaugo med fast traleverk.
5 Rundt i kring huset, innåt veggen, sette han upp ein tilbygnad - langs med veggene på huset, både det heilage romet og koret, og soleis stelte han til kovar rundt i kring.
6 Den nedste høgdi var fem alner breid, den millom-høgdi var seks alner breid og den tridje høgdi var sju alner breid; for han hadde laga hjellar rundt ikring på utsida av huset, so ikkje bjelkane skulde ganga inn i husveggene.
7 Då huset vart reist, bygde dei det av heile steinar frå steinbrotet; ein høyrde korkje hamar eller øks eller nokon annan jarnreiskap i huset då det vart bygt.
8 Døri til midkoven* var på høgre sida av huset. Etter ei vindetropp kom ein upp i millom-høgdi og frå millom-høgdi upp i tridje høgdi.
9 Soleis sette han upp huset, og då han hadde gjort det ferdigt, tekte han det med bjelkar og med sederplankar i rader.
10 Tilbygnaden som han sette upp rundt ikring heile huset, hadde tri høgder på fem alner, og var fest til huset med sederbjelkar.
11 Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde so:
12 No byggjer du dette huset - so sant du ferdast etter fyresegnene mine og held lovene mine og aktar på alle bodi mine og held deg etter dei, so vil eg lata det gjelda for deg det som eg lova David, far din,
13 og eg vil bu midt imillom Israels-borni og aldri skiljast med Israel, folket mitt.
14 So bygde Salomo huset og gjorde det ferdigt.
15 Han klædde veggene i huset innvendes med sederbord; frå golvet og alt uppåt loftsbjelkane klædde han med tre innvendes, og golvet la han med cypressbord.
16 Tjuge alner fram frå baksida på huset sette han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet og upp til loftsbjelkane, og romet innanfor reidde han inn til kor - det var det høgheilage romet.
17 Og huset - det heilage romet framanfor koret - var fyrti alner langt.
18 Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre - kolokvintar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.
19 Inst i huset stelte han til eit kor; der skulde Herrens paktkiste standa.
20 Framanfor koret, som var tjuge alner langt og tjuge alner breidt og tjuge alner høgt, og som han klædde med fint gull, sette han eit altar og klædde det med sedertre.
21 Og Salomo klædde huset innvendes med fint gull og hengde gull-lekjor burtetter veggen framanfor koret og klædde den med gull.
22 Heile huset klædde han med gull, frå eine enden til hin; heile altaret som høyrde til koret, klædde han og med gull.
23 I koret laga han tvo kjerubar av oljetre; dei var ti alner høge.
24 Den eine vengen på kvar av kjerubane var fem alner, og hin vengen var og fem alner - ti alner var det frå enden av den eine vengen til enden av hin vengen.
25 Den andre kjeruben var og ti alner (millom vengje-endane); det var eins mål og eins skap på båe kjerubane.
26 Den eine kjeruben var ti alner høg, og den andre like eins.
27 Han sette kjerubane i det inste romet i huset, og dei breidde ut vengene åt kjerubane, so eine vengen på den eine av dei tok burti den eine veggen, og eine vengen på hin kjeruben tok burti hin andre veggen, og hine tvo vengene nådde i hop midt i huset.
28 Og han klædde kjerubane med gull.
29 Alle veggene i huset rundt ikring prydde han med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar, og det både i det indre og det ytre romet.
30 Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.
31 For inngangen til koret gjorde han ei vengedør av oljetre. Dørkollen med dørskiene var ein femtepart av veggen.
32 Båe oljetre-dørene prydde han med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde dei med gull; gullet breide han ut yver kjerubane og palmone.
33 Sameleis gjorde han for inngangen til det heilage romet dørskier av olje, på fjordeparten av veggen,
34 og tvo dørvenger av cypresstre; båe dørvengene var i tvo luter, som kunde svingast kvar for seg.
35 Og han prydde dei med utskorne bilete av kjerubar og palmor og utsprotne blomar og klædde dei med gull som vart lagt jamt utyver utskurden.
36 Muren kring den indre fyregarden bygde han av tri lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.
37 I fjorde året, i månaden siv vart grunnvollen lagd til Herrens hus,
38 og i det ellevte året, i månaden bul - det er åttande månaden - var huset ferdigt med alt som til høyrde, og i eitt og alt som det skulde vera. Då hadde han bygt på det i sju år.