«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 5

1  Då Hiram, kongen i Tyrus, fekk spurt at Salomo var salva åt konge etter far sin, sende han tenarane sine til han; for Hiram hadde alltid vore godvener med kong David.

2  Sidan sende Salomo bod til Hiram med dei ordi:

3  Du veit at David, far min, ikkje fekk bygt eit hus for namnet åt Herren sin Gud, av di han fekk ufred med fiendane på alle kantar, til dess Herren la dei under føtene hans.

4  Men no hev Herren min Gud laga det so at eg hev fred rundt ikring; det finst ingen motmann og ingen fåre.

5  Difor tenkjer eg no å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud, soleis som Herren sa då han tala so til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.

6  Lat no du folki dine hogga sedertre åt meg på Libanon, so skal mine folk vera med dei, og i løn for det arbeidet folki dine gjer, skal eg gjeva deg det du sjølv set på; for du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg so vel på timberhogst som Sidon-mennene.

7  Då Hiram fekk det bodet frå Salomo, vart han ovglad og sa: Lova vere Herren i dag som hev gjeve David so vis ein son og sett han til å styra dette store folket.

8  So sende Hiram bod attende til Salomo med dei ordi: Eg hev fenge det bodet du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrei og cypresstrei.

9  Folki mine skal føra dei frå Libanon ned til havet, og me skal leggja dei i flotar på havet og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal me taka dei frå kvarandre, og so kann de henta dei. Sidan gjer nok du som eg ynskjer, og lat meg få det eg treng til kosthaldet mitt.

10  So tok Hiram på og sende Salomo seder- og cypresstimber, so mykje han vilde hava.

11  Og Salomo gav Hiram tjuge tusund kor kveite til kosthaldet hans og tjuge kor av sundstøytte oljebær; so mykje sende han år etter år til Hiram.

12  Herren gav Salomo visdom, so som han hadde lova; det var fred millom Hiram og Salomo, og dei gjorde samband med einannan.

13  So tok kong Salomo ut arbeidsfolk i heile Israel; tretti tusund mann tok han ut,

14  og sende dei skiftevis til Libanon, ti tusund um månaden; ein månad var dei på Libanon og tvo månader heime. Det var Adoniram som hadde tilsyn med arbeidsfolket.

15  Salomo hadde sytti tusund berarar og i fjelli åtti tusund steinhoggarar,

16  umfram arbeidsformennene; dei var tri tusund og tri hundrad i talet og hadde rådvelde yver det folket som heldt på med arbeidet.

17  Kongen baud at dei skulde brjota ut store steinar; kostesame steinar; for grunnmuren under huset skulde vera av hoggen stein.

18  Og byggjarane åt Salomo og byggjarane åt Hiram og giblitane* hogg dei til og stelte til timberet og steinane til husbyggjingi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23