«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 3

1  Salomo kom i giftarskyldskap med Farao, kongen i Egyptar-land; han gifte seg med dotter åt Farao og flutte henne heim i Davids-staden; der skulde ho bu til han hadde bygt ferdigt både sitt eige hus og Herrens hus og muren rundt um Jerusalem.

2  Folket ofra då berre på haugane; for til dessa var det ikkje bygt noko hus for Herrens namn.

3  Salomo elska Herren, so han heldt seg etter fyresegnene åt David, far sin; like vel ofra han på haugane og brende røykjelse der.

4  Og kongen for til Gibeon* og vilde ofra der; for det var den gjævaste offerhaugen. Tusund brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5  I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti; Gud sa: Seg kva du vil at eg skal gjeva deg!

6  Salomo svara: Du hev vist stor miskunn mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i sanning og i rettferd og i hjartans ærlegdom mot deg; og denne store miskunn viste du han alt til det siste og gav han ein son som skulde sitja i kongsstolen hans - soleis som det er i dag.

7  So hev du då no, Herre min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min; men eg er berre barnet og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.

8  Her stend tenaren din midt imillom folket ditt, det som du hev valt ut - eit stort folk; det kann ikkje reknast eller teljast.

9  So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so eg kann vera domar for folket ditt - so eg kann skilja millom godt og vondt! For kven kunde elles vera domar for dette folket ditt som er so fjølment?

10  Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.

11  Og Gud sa til han: Etter di du bad um dette og ikkje bad at du måtte få leva lenge, eller at du måtte verta rik, eller at uvenene dine måtte døy, men berre at du måtte få vit til å skyna kva som rett er,

12  so vil eg gjera det du bad um: Eg vil gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det aldri fyrr hev vore din like og kjem ikkje sidan heller.

13  Og det du ikkje bad um, det og vil eg gjeva deg, både rikdom og æra, so det ikkje i all di tid skal finnast din like millom kongane.

14  Og ferdast du etter mine vegar og held lovene og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg laga det so at du fær eit langt liv.

15  So vakna Salomo og skyna at det var ein draum. Då han so kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkista; so ofra han brennoffer og bar fram takkoffer og gjorde eit gjestebod for alle mennene sine.

16  I same tidi kom det tvo skjøkjor og gjekk fram for kongen.

17  Og ei av dei sa: Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. So fekk eg eit barn der i huset hjå henne.

18  Tridje dagen etter at eg hadde fenge barnet, bar det so til at ho og fekk eit barn. Der var me no saman. Det fanst ingen framand hjå oss i huset; me tvo-eine.

19  Ei natt døydde guten hennar, av di ho hadde lege på han.

20  Då reis ho upp midt på natti, tok min gut or armen min medan tenestkvinna di sov, og la han innåt barmen sin, og sin eigen gut som var daud la ho innåt min barm.

21  Som eg no reis upp um morgonen og skulde gjeva guten min suga, fekk eg sjå at han var daud; men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var eg vis med at det var ikkje min gut, den som eg hadde født til verdi.

22  Då sa hi kvinna: Nei, den guten som lever, er min, og den som er daud, er din. Men den fyrste svara: Nei, det er din gut som er daud, og min som lever. Soleis stod dei og tretta framfor kongen.

23  Då sa kongen: Den eine segjer: Denne guten som lever, er min, og den som er daud er din - og hi segjer: Nei, den daude guten er din, og den levande er min.

24  Henta meg eit sverd! sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd,

25  og han sa: Hogg det barnet som lever, i tvo og lat dei tvo kvinnone få kvar si helvt!

26  Då sa den kvinna som var mor åt det levande barnet, til kongen - for hjarta hennar brann for barnet hennar - ho sa: Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og tak for alt i verdi ikkje livet av det! Men hi sa: Me skal ikkje hava det anten eg eller du. Hogg det berre til!

27  Då tok kongen til ords og sa: Lat henne der få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mori.

28  Det spurdest yver heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i hjarta hans, so han allstødt dømde rett.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23