Første Kongebok 22
1 No heldt dei seg i ro i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel i den tidi.
2 Men tridje året bar det seg so at Josafat, kongen i Juda-riket, for ned til Israels-kongen.
3 Då sa Israels-kongen til mennene sine: Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og so sit me i ro og tek ikkje byen frå syrarkongen!
4 Og til Josafat sa han: Vil du vera med meg på ei herferd mot Ramot i Gilead? Josafat svara: Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.
5 Men han la til: Spør like vel fyrst kva Herren segjer!
6 Då kalla Israels-kongen saman profetane, um lag fire hundrad mann, og spurde dei: Skal eg fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera? Dei svara: Far du! Herren vil gjeva byen i hendene dine, konge.
7 Men Josafat sa: Er det ingen annan av Herrens profetar her som me kunde få til å spyrja Herren?
8 Israels-kongen svara: Det finst endå ein mann - Mika Jimlason heiter han - som me kunde få til å spyrja Herren, men eg likar han ikkje; for han spår meg aldri noko godt - berre vondt. Josafat sa: Slikt skulde ikkje kongen segja!
9 Då ropa Israels-kongen på ein av hirdmennene og sa: Henta Mika Jimlason! Ver snøgg!
10 Medan sat Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, klædde i skrudi sine, på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten til Samaria, og alle profetane stod framfyre dei og sa fram spådomane sine.
11 Sedekias, son åt Kena'ana, hadde gjort seg horn av jarn og sa: Med desse skal du stanga syrarane til du fær gjort ende på dei.
12 Og alle hine profetane spådde like eins og sa: Far upp mot Ramot i Gilead! Du kjem til å hava lukka med deg, og Herren skal gjeva byen i hendene dine, konge.
13 Ærendsveinen som hadde gjenge av stad og skulde henta Mika, sa til han: Dei andre profetane spår alle som ein at det skal ganga kongen vel. Kjære, lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du og!
14 Men Mika svara: So visst som Herren lever: Eg talar ikkje anna enn det Herren segjer til meg.
15 Då han kom fram, sa kongen til han: Mika, skal me fara i herferd mot Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera? Han svara: Far du! Du kjem til å hava lukka med deg, og Herren vil gjeva byen i hendene dine, konge.
16 Men kongen sa til han: Kor mange gonger lyt eg naudbeda at du ikkje skal segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?
17 Då sa Mika: Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli liksom ein hyrdinglaus saueflokk utan gjætar; og Herren sa: Dei der hev ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!
18 Israels-kongen sa til Josafat: Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt - berre vondt?
19 Mika sa: So høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelheren stod kringum han, sume på høgre og sume på vinstre sida.
20 Og Herren sa: Kven vil dåra Akab, so han gjer ei herferd til Ramot i Gilead og fær sin bane der? Ein svara so og ein annan so.
21 Då kom åndi* fram, stod framfor Herren og sa: Eg skal dåra han. Herren spurde: Korleis?
22 Åndi svara: Eg vil fara ut og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans. Då sa Herren: Ja, du kann få dåra han, og det skal lukkast for deg og; far ut og gjer so!
23 Sjå no hev Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine; men sjølv hev han varsla deg ei ulukke.
24 Då kom Sedekias, son åt Kena'ana, innåt. Han slo Mika på kinni og sa: Kva veg hev Herrens Ande fare frå meg for å tala med deg?
25 Mika svara: Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom åt rom og leita etter ei gøymsla.
26 Då sa Israels-kongen: Tak Mika og før han burt att - til Amon, byhovdingen og Joas, kongssonen,
27 og seg: So segjer kongen: Set denne mannen i fangehuset og lat han leva på fangekost til eg kjem heim att med heilo!
28 Mika sa: Skulde det henda at du kjem uskadd heim att med heilo, so hev ikkje Herren tala gjenom meg. Og so sa han: Høyr dette, de folk, alle saman!
29 So drog Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp mot Ramot i Gilead.
30 Og Israels-kongen sa til Josafat: Eg vil skifta klædebunad, so ingen kjenner meg, og so gjeva meg ut i striden; men du kann hava på deg den vanlege bunaden din. So klædde han seg ut, Israels-kongen, og drog ut i striden.
31 Men syrarkongen hadde sagt til dei tvo og tretti hovdingane for vognheren sin: De skal ikkje taka på nokon, anten liten eller stor, anna berre på Israels-kongen.
32 Som no hovdingane såg Josafat, tenkte dei det laut vera Israels-kongen, og so stemnde dei dit han var, og vilde taka på han. Då sette Josafat i eit høgt rop,
33 og då vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå han att.
34 Medan dette stod på, var det ein mann som spente bogen og skaut på måfå og råka Israels-kongen millom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: Snu og køyr meg ut or heren! Eg er såra.
35 Men striden auka på den dagen, og dei heldt kongen upprett i vogni midt imot syrarane; men um kvelden døydde han, og blodet or såret rann ned i vogni.
36 Soleglads bel gjekk det ropet gjenom lægret: Kvar mann heim til sin by og sitt land!
37 So døydde kongen, og vart førd til Samaria, og der gravla dei kongen.
38 Men då dei skylde vogni ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjone lauga seg der. Soleis vart det sanna det ordet som Herren hadde tala.
39 Det som meir er å segja um Akab og alt det han gjorde, um flisbeinshuset han bygde, og alle byane han bygde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
40 So for Akab til federne sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.
41 I fjorde året av Akabs kongedøme i Israels-riket vart Josafat Asason, konge i Judariket.
42 Josafat var fem og tretti år gamal då han tok styret, og han sat fem og tjuge år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Asuba og var dotter åt Silhi.
43 Han heldt seg i eitt og alt etter same vegen som Asa, far hans hadde fylgt; den veik han aldri utav, men gjorde det som rett var i Herrens augo.
44 Det einaste som vanta, var at offerhaugane ikkje vart nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane.
45 Josafat heldt fred med Israels-kongen.
46 Det som meir er å segja um Josafat og dei storverki han gjorde, og um herferdene hans, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
47 Han rudde skjøkjesveinane ut or landet og, so mange som var att frå den tid Asa, far hans, levde.
48 Det var ingen konge i Edom då; ein jarl stod for styret der.
49 Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde ganga til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste utmed Esjon-Geber.
50 Sidan sa Akasja Akabsson til Josafat: Lat mine folk fara med dine på skipi! Men Josafat vilde ikkje.
51 So for Josafat til federne sine og vart gravlagd i hjå federne Davids-staden, byen åt ættefaren hans. Joram, son hans, vart konge etter han.
52 I det syttande året av Josafats kongedøme i Juda-riket vart Akasja Akabsson, konge yver Israel. Han sat i Samaria og rådde yver Israels-riket i tvo år.
53 Han gjorde det som Herren mislika, og for fram etter same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.
54 Han dyrka Ba'al og tilbad han og harma Herren, Israels Gud, heiltupp soleis som far hans hadde gjort.