Første Kongebok 20
1 Benhadad, kongen i Syria, samla heile heren sin. Tvo og tretti kongar fylgde han med hestar og vogner då han for i herferd. Han kringsette Samaria og gjorde åtak på byen.
2 Samstundes sende han nokre menner inn i byen til Akab, Israels-kongen,
3 med det bodet: So segjer Benhadad: Sylvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste av konone og borni dine er mine.
4 Israels-kongen svara: Det er som du segjer, herre konge. Eg og alt mitt er din eigedom.
5 Men sendemennene kom att og sa: So segjer Benhadad: Eg sende bod til deg at du skulde gjeva meg sylvet og gullet ditt og konone og borni dine.
6 Men i morgon dette bel sender eg folki mine til deg, og då skal dei ransaka både ditt hus og husi åt mennene dine, og alt det som augo dine hev hugnad i, skal dei eigna seg til og taka med seg.
7 Då kalla Israels-kongen til seg alle styresmennene i landet og sa: No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det mine konor og born og mitt sylv og gull han kravde, og eg meinka han ikkje noko av det.
8 Då svara alle styresmennene og alt folket: Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.
9 So sa han til sendemennene frå Benhadad: Seg til min herre kongen at eg skal gjera alt det han sende bod til meg um fyrste gongen; men dette kann eg ikkje gjera. Det svaret for sendemennene attende med.
10 Men Benhadad sende endå ein gong bod til han med dei ordi: Gudane lat meg bøta både no og sidan um gruset av Samaria vert nok til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.
11 Då svara Israels-kongen: Seg til herren dykkar: Han skulde ikkje kyta den som bind sverdet um seg, liksom den som løyser det av seg!
12 Då Benhadad høyrde det svaret - det var medan han sjølv og dei hine kongane sat og drakk i lauvhyttone - sa han til mennene sine: Stell dykk upp! Og dei budde seg til åtak på byen.
13 Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: So segjer Herren: Ser du denne ovstore hopen? I denne dag gjev eg dei i dine hender, og du skal sjå at eg er Herren.
14 Akab spurde: Kven er det som skal setja dei i verk. Profeten svara: So segjer Herren: Sveinane åt landshovdingane; so lyder Herrens ord. So spurde Kongen: Kven skal byrja striden? Hin svara: Du sjølv.
15 So mynstra Akab mennene åt landshovdingane; dei var tvo hundrad og tvo og tretti i talet. Sidan mynstra han alt folket - alle Israels-borni - det var sju tusund mann.
16 Ved middagsleite braut dei ut, medan Benhadad sat og drakk seg eit rus i lauvhyttone i lag med dei tvo og tretti kongane som var hjelpesmennene hans.
17 Sveinane åt landshovdingane var dei fyrste som tok ut. Benhadad hadde speiarar ute, og dei kom til han og sa frå: Det hev drege herfolk ut frå Samaria.
18 Då sa han: Tak dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.
19 So drog dei ut or byen, både sveinane åt landshovdingane og heren som fylgde dei.
20 Dei hogg ned kvar sin mann. Syrarane rømde, og Israels-mennene elte dei. Benhadad, syrarkongen, kom seg undan på ein hest saman med nokre ridarar.
21 Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og slo hestane og stridsvognene og valde stort mannefall millom syrarane.
22 Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: Tak no på og bu deg til strid, og tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem syrarkongen og tek på deg att.
23 Og hirdmennene åt syrarkongen sa til kongen sin: Guden deira er fjellgudar; difor vann dei på oss; men slåst me med dei på slettlende, so vinn me på dei - det kann du vera viss på.
24 Gjer no som me segjer: Set alle desse kongane av frå veldet deira, og set inn jarlar i staden!
25 Få so du deg ein her som er likso stor som den du miste, og likso mange hestar og vogner som du hadde fyrr, og lat oss so slåst med dei på ein stad der det er slett! Då kann du vera viss på at me skal vinna yver dei. Og kongen høyrde på det dei sa, og gjorde so.
26 Året etter mynstra Benhadad syrarheren og drog fram til Afek, vilde slåst med Israel.
27 Israels-sønene vart og mynstra og kostbudde; so drog dei ut mot syrarane og lægra seg midt imot dei som tvo små geiteflokkar; men syrarane fyllte heile landet.
28 Då gjekk gudsmannen fram og sa til Israels-kongen: So segjer Herren, sa han: For di syrarane hev sagt at Herren er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, so vil eg gjeva heile denne store hopen i hendene dine, og de skal skyna at eg er Herren.
29 Herane låg beint imot einannan i sju dagar. Sjuande dagen bar det i hop med dei; og Israels-sønene felte på ein dag hundrad tusund mann av fotfolket åt syrarane.
30 Dei som var att, rømde til Afek og berga seg inn i byen; men muren ramla ned yver dei - yver dei sju og tjuge tusund mann som var att. Benhadad og rømde. Han kom seg inn i byen og flaug frå rom til rom.
31 Då sa mennene hans til han: Me hev høyrt at kongane åt Israels hus er milde kongar. Kom lat oss sveipa sekkety um livet og ein togstubb um hovudet og so ganga ut til Israels-kongen! Kann henda han då let deg få leva.
32 So batt dei sekkety um livet og togstubbar um hovudet på seg, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: Benhadad, tenaren din, bed at du må lata han få leva. Akab svara: Lever han endå? Han er bror min.
33 Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: Ja, Benhadad er bror din. Då sa Akab: Gakk og henta han! So kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga upp i vogni til seg.
34 Då sa Benhadad til han: Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gjeva frå meg att. Og du kann få gjera deg gator i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria. Ja, vel [svara Akab], på det vilkåret gjev eg deg fri. So gjorde han samband med Benhadad og gav han fri.
35 Ein av profetsveinane sa etter Herrens bod til felagen sin: Slå meg! Men felagen vilde ikkje.
36 Då sa han til han: For di du ikkje lydde Herrens røyst, so skal det ganga deg so at med det same du gjeng ifrå meg, kjem det ei løva og drep deg. Då so hin gjekk sin veg, kom ei løva imot han og drap han.
37 Sidan møtte han ein annan mann og sa: Slå meg! Då slo mannen til han so han fekk eit sår.
38 So gjekk profeten av stad og stod på vegen der kongen skulde koma; men han hadde bunde attfor augo, so ingen kjende han att.
39 Då so kongen for framum, ropa han til han: Herre, eg gjorde hertenesta og var med i striden. Best det var, gjekk ein mann fram or fylkingi og kom burt til meg; han hadde med seg ein annan mann og sa: Vakta vel på denne mannen! Vert han sakna, lyt du svara for han med livet ditt eller eller og leggja eit talent sylv i bot.
40 Men tenaren din hadde ymse å gjera både her og der, og med ein gong vart mannen burte. Då sa Israels-kongen: Du hev din dom; du hev sjølv felt han.
41 Straks tok hin bandet frå augo, og Israels-kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.
42 Profeten sa til han: So segjer Herren: For di du stelte deg so at den mannen eg hadde bannstøytt, slapp or hendene dine, so skal du med ditt eige liv svara for hans liv og med ditt eige folk for hans folk.
43 So for Israels-kongen heim, huglaus og harm, og kom til Samaria.