Første Kongebok 18
1 So var det ei lang tid etter - det leid på tridje året - då kom Herrens ord til Elias, og det lydde so: Gakk av stad og te deg fram for Akab, so vil eg senda regn ned på jordi.
2 Då tok Elias i vegen og steig fram for Akab. Det var eit hard uår og stor naud i Samaria.
3 Då kalla Akab Obadja, slottshovdingen sin, fyre seg. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren.
4 Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, hadde han teke hundrad profetar og løynt dei i tvo hellerar, femti mann i kvar heller, og sytte for mat og drikke åt dei.
5 No sa Akab til han: Far igjenom landet til alle kjeldor og bekker! Kann henda me då finn gras, so me kann halda liv i hestar og muldyr og ikkje tarv slakta noko av buskapen.
6 So skifte dei landet millom seg, so kvar fekk sin lut å fara yver; Akab for på ei leid for seg og Obadja på ei onnor leid.
7 Som no Obadja gjekk frametter vegen, fekk han sjå Elias som kom i mot han. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg å gruve og sa: Er det du, herre Elias?
8 Han svara: Ja; gakk og seg til herren din: Elias er her.
9 Då sa hin: Kva vondt hev eg gjort, sidan du vil gjeva tenaren din i hendene på Akab og lata han drepa meg?
10 So visst som Herren din Gud lever: Det finst ikkje eit folk eller rike utan herren min hev sendt bod dit og spurt etter deg; når dei so svara at du ikkje var der, let han det riket og det folket gjera eiden på at dei ikkje hadde funne deg -
11 og so segjer du: Gakk og seg herren din: Elias er her!
12 Når eg no skils med deg, gjeng det vel so at Herrens Ande tek deg og fører deg burt til ein stad eg ikkje veit um; kjem eg so til til Akab med bod frå deg, og han då ikkje finn deg, so drep han meg. Og tenaren din hev då ottast Herren alt ifrå ungdomen.
13 Hev dei ikkje sagt deg, herre, kva eg gjorde då Jesabel drap Herrens profetar? Då løynde eg hundrad mann av dei i tvo hellerar, femti i kvar heller, og sytte for mat og drikka åt dei.
14 Og no segjer du: Gakk og seg til herren din: Elias er her. Men då drep han meg!
15 Då sa Elias: So visst som Herren, allhers Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: I denne dag skal eg te meg fram for Akab.
16 So gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og bar fram bodet; og Akab gjekk og i vegen, vilde møta Elias.
17 Med det same Akab vart var Elias, sa han: Er du her, du som fører ulukke yver Israel?
18 Elias svara: Det er ikkje eg som hev ført ulukke yver Israel, men du og ætti di, med di de hev vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba'alane.
19 Men send no bod ikring og få heile Israel til å samla seg hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundrad og femti Ba'als-profetane og dei fire hundrad Astarte-profetane som gjeng til bords hjå Jesabel!
20 So sende Akab bod ikring til alle Israels-borni og stemnde profetane i hop til Karmel-fjellet.
21 Då steig Elias fram for heile landslyden og sa: Kor lenge vil de halta til båe sidor? Er Herren Gud, so hald dykk til han, og er Ba'al Gud, so hald dykk til han! Men folket svara ikkje eit ord.
22 Då sa Elias til folket: Eg er den einaste som er att av Herrens profetar; men Ba'als-profetane er fire hundrad og femtimann.
23 Lat oss no få tvo uksar; so må dei velja seg den eine uksen, lema han sund og leggja han på veden, men dei må ikkje kveikja eld på; og eg skal laga til hin uksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.
24 Kalla so de på guden dykkar, so vil eg kalla på Herren, og den guden som då svarar med eld, han er det som er Gud. Då svara heile folket: Det var vel tala!
25 So sa Elias til Ba'als-profetane: Vel dykk ein av uksane! De skal ofra fyrst, sidan de er dei fleste! Kalla so på guden dykkar, men kveik ikkje eld!
26 So tok dei den uksen han hadde gjeve dei, og laga han til og kalla på Ba'al frå morgon til middags og ropa. Svar oss, Ba'al! Men det høyrdest ingi røyst; det var ingen som svara. - Medan hinka dei kringum altaret dei hadde reist.
27 Då det var middag vorte, tok Elias til å spotta dei og sa: Ropa høgare! Me veit han er Gud; men no sit han vel og tenkjer, eller han hev gjenge for seg sjølv eller er ute og ferdast; kann henda han søv - då vaknar han vel.
28 Då ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spjot, som dei hadde for vis, til blodet sila av dei.
29 Då det leid yver middag, tok dei til å rasa, so heldt dei på til burtimot det belet då matofferet vert frambore. Men det høyrdest ingi røyst; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.
30 Då sa Elias til folkemugen: Kom hit til meg! Og alt folket gjekk burtåt han. So sette han i stand Herrens altar, som var nedrive.
31 Han tok tolv steinar etter talet på dei folkegreinene som var ætta frå sønene åt Jakob, han som Herren hadde tala desse ordi til: Israel skal du heita.
32 Av dei steinane bygde han eit altar i Herrens namn, og rundt ikring altaret gjorde han ei veit so stor at ho svara til ein åker som tok tvo mål sæde.
33 Han la veden til rettes og lema sund uksen og la han ovanpå veden.
34 So sa han: Fyll fire krukkor med vatn og aus det ut yver brennofferet og veden! Og han sa: Gjer det ein gong til! So gjorde dei det andre gongen. Då sa han: Gjer det endå ein gong! So gjorde dei det tridje gongen.
35 Vatnet rann rundt ikring altaret. Jamvel veiti fyllte han med vatn.
36 Ved det belet matofferet vert frambore, steig Elias, profeten, fram og sa: Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det verta kunnigt i dag at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg hev gjort alt dette!
37 Svara meg, Herre, svara meg, so dette folket kann sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarta deira attende åt deg!
38 Då for Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden og steinane og moldi, og sleikte upp vatnet som var i veiti.
39 Då folket såg det, kasta dei seg å gruve og ropa: Det er Herren som er Gud! Det er Herren som er Gud!
40 So sa Elias til dei: Tak Ba'als-profetane! Lat ingen av dei få sleppa undan! Då tok dei Ba'als-profetane, og Elias sa: Før dei ned til Kisonbekken og drep dei!
41 Sidan sa Elias til Akab: No kann du ganga upp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.
42 Då gjekk Akab upp og heldt måltid. Og Elias steig upp på toppen av Karmel og bøygde seg nedåt jordi med andletet millom knei.
43 So sa han til sveinen sin: Gakk upp, du, og sjå ut mot havet! Sveinen gjekk upp og såg utyver, men sa: Det er ingen ting å sjå. Sju gonger sa Elias: Gakk upp att!
44 Sjuande gongen sa sveinen: Eg ser ei lita sky som stig upp or havet; ho er på storleik med neven på ein mann. Då sa Elias: Gakk upp og seg til Akab: Spenn fyre og køyr heim, so ikkje regnet skal hefta deg!
45 So var det ikkje eit lite bel fyrr himmelen svartna til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig upp i vogni si og køyrde til Jisre'el.
46 Og Herrens hand kom yver Elias; han batt beltet ikring livet og sprang fyre Akab heilt til Jisre'el.