«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 17

1  Elias frå Tisbe, ein av dei som hadde flutt inn i Gilead, kom ein dag til Akab og sa: So visst som Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener seint og tidleg: Det skal ikkje koma anten dogg eller regn i desse åri fyrr eg segjer det.

2  Då kom Herrens ord til han Elias, og det lydde so:

3  Far burt herifrå, taka vegen mot aust og løyn deg attmed Kritbekken austanfor Jordan!

4  Du kann drikka av bekken, og eg hev sagt til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.

5  So tok han ut og gjorde som Herren hadde sagt; han gjekk til Kritbekken, austanfor Jordan, og der gav han seg til.

6  Og ramnane bar brød og kjøt til han um morgonen, og brød og kjøt um kvelden, og han drakk av bekken.

7  Men då det leid um ei tid, turka bekken burt, av di det kom ikkje regn i landet.

8  Då kom Herrens ord til han, og det lydde so:

9  Tak ut og gakk til Sarepta, som høyrer til Sidon, og gjev deg til der! Eg hev sagt til ei enkja som bur der, at ho skal syta for mat til deg.

10  Då tok han i vegen og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkja som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: Kjære deg, henta ein liten grand vatn åt meg i ei skål, so eg fær drikka!

11  So ho gjekk og vilde henta vatn åt han; då ropa han etter henne: Kjære, tak med deg eit stykke brød til meg!

12  Ho svara: So visst som Herren din Gud lever: Eg eig ikkje so mykje som ei brødskiva; eg hev berre ein neve mjøl i krukka og eit grand olje i krusi, og no gjeng eg her og sankar eit par vedpinnar og vil ganga heim og laga det til åt meg og son min; so vil me eta det og leggja oss til å døy.

13  Då sa Elias til henne: Du tarv ikkje ottast; gakk heim og laga det til, som du hev sagt, men baka fyrst eit lite kakebrød av det, og kom ut åt meg med det! Sidan kann du laga til noko åt deg og son din.

14  For so segjer Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje trjota i krusi til den dagen kjem då Herren sender regn på jordi.

15  Då gjekk ho og gjorde som Elias hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket hennar;

16  mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusi - det sanna seg det ordet som Herren hadde havt Elias til å tala.

17  Ei tid etter at dette hadde gjenge for seg, bar det so til at son åt denne kona - åt henne som åtte huset - vart sjuk. Og sjukdomen tok han so hardt at um eit bel var det ikkje livsande att i han.

18  Då sa ho til Elias: Kva vil du her hjå meg, gudsmann? Du er komen og vil minna meg um synda mi, so guten min skal døy.

19  Han svara: Lat meg få son din! So tok han guten or fanget hennar, bar han upp på høgloftet, som han heldt til i, og la han på sengi si.

20  So ropa han til Herren og sa: Herre, min Gud! Hev du no og ført ulukka yver denne enkja som eg fær bu hjå, og late son hennar døy?

21  Og han tøygde seg tri gonger burtyver barnet og ropa til Herren: Herre, min Gud! Lat sjeli åt dette barnet koma attende til det!

22  Og Herren høyrde bøni hans Elias - sjeli åt barnet kom attende, so det livna upp att.

23  So tok Elias barnet og bar det frå høgloftet og inn i stova og let mori få det att; og han sa: Sjå, son din lever!

24  Då sa kona til Elias: No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23