«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 16

1  Då kom Herrens ord til Jehu Hananison um Baesa, og det lydde so:

2  Eg lyfte deg upp or dusti og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt; men du hev halde fram i same leidi som Jeroboam og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei vekkjer vreiden min med syndene sine.

3  Difor vil eg no sopa etter Baesa og huset hans og fara med huset ditt som eg gjorde med huset til Jeroboam Nebatsson.

4  Den av Baesas ætt som døyr i byen, skal hundane eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane eta upp.

5  Det som meir er å segja um Baesa, um det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

6  So for Baesa til federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.

7  Men Herrens ord hadde alt gjenom profeten Jehu Hananison nått Baesa og hans hus, ikkje berre for alt det vonde han hadde gjort for Herrens augo, med di han vekte vreiden hans på same vis som Jeroboams-ætti, men og for di han hadde tynt heile den ætti.

8  Det var i seks og tjugande året av Asas kongedøme i Juda-riket at Ela Baesason vart konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år.

9  Men ein av mennene hans som heitte Simri og var hovding for helvti av stridsvognene, fekk åt ei samansverjing mot han, ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der,

10  kom Simri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året av Asas kongedøme i Juda-riket - og so vart han sjølv konge i hans stad.

11  Og med det same han hadde teke kongsnamn og sessa seg i kongsstolen, øydde han heile Baesas hus. Han sparte ikkje ein einaste karmann av ætti, korkje av dei næmaste skyldfolket eller venene hans.

12  Soleis gjorde Simri ende på heile Baesas hus; då vart det sanna det ordet som Herren hadde havt profeten Jehu til å tala til Baesa -

13  for alle dei syndenes skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort og fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei inkjeslege gudane sine.

14  Det som meir er å segja um Ela og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

15  Det var i sju og tjugande året av Asas kongedøme i Juda-riket, at Simri vart konge. Han rådde i Tirsa i sju dagar, medan herfolket låg i læger ikring Gibbeton, filistarbyen.

16  Men då dei i lægret fekk spurt at Simri hadde fenge til ei samansverjing og slege kongen i hel, då kåra heile Israel i lægret Omri, ein av herhovdingane, til konge yver Israelsriket.

17  So drog Omri upp frå Gibbeton med heile Israels-heren, og dei kringsette Tirsa.

18  Og då Simri såg at byen var teken, drog han inn i slottsborgi og brende slottet upp yver hovudet på seg og døydde -

19  for dei syndene som han fekk å svara for då han gjorde det som var Herren imot og heldt fram i same leidi som Jeroboam og med same syndi som han gjorde, so han fekk Israel til å synda.

20  Det som meir er å segja um Simri og den samansverjingi han fekk til, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

21  Sidan kløydest folket - Israel - i tvo hopar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og tok han til konge; den andre helvti heldt med Omri.

22  Men dei som heldt med Omri, fekk yvertaket yver dei som heldt med Tibni Ginatsson. So døydde Tibni, og Omri vart konge.

23  Det var i ein og trettiande året av Asas kongedøme i Juda-riket at Omri vart konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.

24  So kjøpte han Samaria-fjellet av Semer for tvo talent sylv; på det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Semer, som hadde ått fjellet.

25  Omri gjorde det som Herren mislika; han for jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore fyre han.

26  Han heldt allstødt fram leidi som Jeroboam Nebatsson og med same syndene som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera, so dei harma han Herren, Israels Gud, med dei inkjeslege gudane sine.

27  Det som meir er å segja um Omri, um det han gjorde, og um storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

28  So for Omri til federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.

29  Det var i åtte og trettiande året av Asas kongedøme i Juda-riket at Akab Omrison vart konge yver Israels-riket, og han sat konge yver Israel i Samaria i tvo og tjuge år.

30  Akab Omrison gjorde Herren endå meir imot enn alle dei som hadde vore fyre han.

31  Det var ikkje berre det at han heldt fram med same syndene som Jeroboam Nebatsson, men han tok Jesabel, dotter åt Etba'al, sidonarkongen, til kona og gav seg til å dyrka Ba'al og tilbeda han.

32  I det Ba'als-templet han hadde bygt i Samaria, reiste han eit altar for Ba'al.

33  Akab fekk og laga ein Astarte-bilete, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud; han for verre åt enn nokon av dei Israels-kongane som hadde vore fyre han.

34  I Akabs tid bygde Hiel frå Betel upp att Jeriko. Då han tufta, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette upp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Då vart det sanna det ordet Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23