Første Kongebok 14
1 I same tidi vart Abia, son åt Jeroboam, sjuk.
2 Då sa Jeroboam åt kona si: Kjære deg, tak og klæd deg ut, so ingen kann sjå at du er kona åt Jeroboam, og gakk so til Silo! Der du veit Akia, profeten, bur, han som spådde at eg skulde verta konge yver dette folket.
3 Tak med deg ti brød og nokre kakor og ei krukke med honning og gakk til han; so segjer han deg nok korleis det kjem til å ganga med guten.
4 Kona gjorde som han bad; ho ferda seg til og for til Silo og kom til huset åt Akia. Akia hadde mist synet; augo hans hadde stivna av di han var so gamal.
5 Men Herren hadde sagt til han: No kjem kona åt Jeroboam og vil høyra kva du segjer um son hennar; for han er sjuk. Då skal du segja so og so til henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei onnor.
6 Då Akia høyrde ljoden av fotstegi hennar i døri, sa han: Kom inn, du kona åt Jeroboam! Kvifor læst du då vera ei onnor? Eg hev so tung ein bodskap å bera fram til deg.
7 Gakk og seg til Jeroboam: So segjer Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt,
8 eg reiv riket frå Davids hus og gav deg det. Men du hev ikkje vore som David, tenaren min; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han berre gjorde det som rett var i mine augo;
9 men du hev bore deg verre åt enn alle som hev vore fyre deg; du gjekk av og gjorde deg andre gudar og støypte bilete, so du harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.
10 Difor vil eg føra ulukke yver Jeroboams hus og rydja ut kvar karmann i ætti hans både myndige og umyndige i Israel, og eg vil sopa etter Jeroboams hus, liksom når ein sopar burt skarn, til det er heiltupp ute med han.
11 Den av Jeroboams-ætti som døyr i byen, skal hundane eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane eta upp; for soleis hev Herren tala.
12 Gjev no du deg på heimvegen! I det belet du set foten din i byen, døyr barnet.
13 Heile Israel skal halda syrgjehøgtid etter han og fylgja han til jordi. For han var den einaste av Jeroboams hus som skal koma i grav; for han var den einaste i ætti som Herren, Israels Gud, tyktest finna noko godt hjå.
14 Men Herren vil reisa upp åt seg ein konge yver Israel som skal rydja ut Jeroboams hus same dagen. Eller kva segjer eg? - alt no hev det hendt.
15 Og Herren skal slå Israel, so dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet; han skal rykkja Israel upp or dette gode landet som han gav federne deira, og spreida dei ikring på hi sida åt elvi, for di dei hev gjort seg Astarte-bilete og harma Herren;
16 han skal gjeva Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam hev gjort og hev fenge Israel til å gjera.
17 Då tok kona hans Jeroboam ut og for heim att til Tirsa. I det same ho steig dørstokken i huset, slokna guten.
18 Dei bar han til gravi, og heile Israel heldt syrgjehøgtid etter han, soleis som Herren hadde havt profeten Akia, tenaren sin, til å segja.
19 Det som meir er å segja um Jeroboam, um herferdene hans, og um styringi hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
20 Det var tvo og tjuge år Jeroboam rådde for riket. So for han til federne sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.
21 I Juda rådde Rehabeam, son åt Salomo. Han var ein og fyrti år gamal då han vart konge, og styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut or alle Israels-fylki og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon.
22 Juda-folket gjorde det som Herren mislika; med syndene dei gjorde, eggja dei han til brennhug meir enn federne deira hadde gjort.
23 Dei og bygde seg offerhaugar og sette upp minnestolpar og Astarte-bilete på kvar høg bakke og under kvart grønt tre;
24 det fanst jamvel folk i landet som vigde seg til skjøkjelivnad i avgudshusi*. Dei tok etter alt det stygge som gjekk fyre seg hjå dei heidningfolki som Herren hadde drive burt for Israels-borni.
25 So hende det i femte året av Rehabeams kongedøme at Sisak, kongen i Egyptar-land, drog upp mot Jerusalem.
26 Han tok både dei skattane som låg i Herrens hus, og dei som var i kongshuset - alt saman tok han. Like eins tok han alle gullskjoldane som Salomo hadde kosta.
27 I staden for dei fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og sette hovdingane for drabantane som heldt vakt i slottsporten, til å taka vare på dei.
28 Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar drabantane desse skjolda og tok dei so med seg attende til vaktstova.
29 Det som meir er å segja um Rehabeam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
30 Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tidi.
31 So for Rehabeam til federne sine. Han vart gravlagd hjå federne i Davids-staden. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon. Abiam, son hans, vart konge etter han.