Første Kongebok 13
1 Men best som Jeroboam stod innmed altaret og skulde brenna røykjelse, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel
2 og ropa etter Herrens bod burt imot altaret: Altar! Altar! So segjer Herren: Ein son skal verta fødd åt Davids hus; Josias skal han heita; på deg skal han ofra offerhaug-prestane som, brenner røykjelse på deg; mannebein skal dei brenna på deg.
3 Samstundes varsla han eit teikn og sa: Det skal de hava til teikn på at Herren hev tala: Altaret skal rivna, og oska som er på det, skal spreidast utyver.
4 Som no kong Jeroboam høyrde dei ordi som gudsmannen ropa burtimot altaret i Betel, rette han ut handi frå altaret og sa: Tak han! Då visna handi som han rette ut imot gudsmannen, og han kunde ikkje taka henne til seg att.
5 Men altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utyver frå altaret. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla etter Herrens bod.
6 Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: Gode, sjå um du kann få blidka Herren din Gud, og bed for meg at eg må kunna taka handi til meg att. Og gudsmannen bad til Herren og fekk blidka han; då kunde kongen taka handi til seg att - ho vart som ho hadde vore.
7 Sidan sa kongen til gudsmannen: Ver med meg heim og kveik deg litt og lat meg få gjeva deg ei gåva!
8 Men gudsmannen svara: Um du gav meg halve huset ditt, so vilde eg endå ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg korkje eta mat eller drikka noko;
9 for so var det bodet eg fekk av Herren: Du skal ikkje eta eller drikka* noko og ikkje fara heim att den vegen du kom.
10 So gjekk han burt att, men tok ei onnor leid og for ikkje heim att same vegen han var komen til Betel.
11 I Betel budde det ein gamal profet, og son hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei* hadde fortalt det til far sin,
12 spurde han: Kva veg tok han? For sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.
13 Då sa han til dei: Sala asnet for meg! Dei sala asnet, og han sette seg uppå
14 og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under ei terebinta og sa til han: Er du den gudsmannen som er komen frå Juda? Han svara: Ja, det er eg.
15 Då sa hin: Ver med meg heim og få deg litt mat!
16 Men gudsmannen svara: Eg kann ikkje fylgja deg attende og stiga inn hjå deg; eg vil korkje eta eller drikka noko saman med deg på denne staden.
17 For det var sagt meg i eit ord frå Herren: Du skal ikkje eta eller drikka noko der og ikkje fara heim att den vegen du kom.
18 Då sa hin: Eg og er profet liksom du; og ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Hav han med deg heim, so han kann få seg mat og drikka. Men då han sa det, laug han for han.
19 So vart gudsmannen med han heim og åt og drakk i huset hans.
20 Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde havt hin med seg heim,
21 og han ropa til han - til gudsmannen som var komen frå Juda -: So segjer Herren: Etter di du trassa Herrens ord og ikkje heldt deg etter det bodet som Herren din Gud hadde gjeve deg,
22 men snudde um og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulde eta eller drikka noko, so skal liket ditt ikkje koma i gravi åt federne dine.
23 Då han no hadde ete og drukke, sala hin asnet for han for profeten som han hadde havt med seg heim -
24 og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løva imot han og drap han. Sidan låg liket hans og slog på vegen, og asnet stod der innmed, løva vart og standane innmed liket.
25 Best det var, kom det nokre karar framum. Dei såg liket som låg og slong på vegen, og løva som stod innmed liket, og då dei kom til byen der den gamle profeten budde, so sa dei frå um det der.
26 Då profeten som hadde havt mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord; difor let Herren løva taka han, og ho hev rive han sund og drepe han, etter det ordet Herren hadde tala til han.
27 So sa han til sønene sine: Sala asnet for meg! Dei so gjorde,
28 og han tok av stad og fann liket liggjande på vegen og asnet og løva standane innmed det; løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund asnet.
29 Då tok profeten den drepne gudsmannen og la han på asnet og hadde han med seg heim; og den gamle profeten gjekk inn i byen og vilde halda syrgjehøgtid etter han og gravleggja han.
30 Han la liket hans i si eigi grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: Ai, ai, bror!
31 Då han hadde gravlagt han, sa han til sønene sine: Når eg døyr, skal de leggja meg i den gravi som gudsmannen ligg i. De skal leggja beini mine jamsides med hans.
32 For visst kjem det til å sannast det ordet han på Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomane på offerhaugane i Samaria-byane.
33 Trass i denne hendingi vende ikkje Jeroboam um frå si vonde veg, men heldt fram med å setja kven han vilde av folket til prestar på offerhaugane; han fyllte hendene* åt alle som hadde hug til det, so dei vart prestar ved haugane.
34 Dette vart upphav til synd for Jeroboams hus og årsak til at det vart øydt og utrudt av jordi.