Første Kongebok 12
1 Rehabeam for til Sikem; for heile Israels-lyden var kome dit og skulde kåra han til konge.
2 Då Jeroboam Nebatsson høyrde - han var endå i Egyptar-land; han hadde rømt for kong Salomo, og budde soleis i Egyptar-land,
3 men dei sende bod dit og bad han koma heim att - då kom han og heile Israels-lyden og tala soleis til Rehabeam:
4 Far din gav oss ei tung byrd å bera; men lettar no du det harde arbeidet og den tunge byrdi som far din la på oss, so vil me tena deg.
5 Han svara: Gakk burt og bia i tri dagar og kom so hit att til meg! So gjekk folket sin veg.
6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort tenesta hjå Salomo, far hans, medan han levde, og spurde dei: Kva svar råder de meg til å gjeva dette folket?
7 Dei svara han so: Lyder du dette folket i dag og lagar deg etter dei og gjev dei gode ord til svar, so kjem dei til å vera tenarane dine for all tid.
8 Men han brydde seg ikkje den rådi dei gamle gav han; han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse upp saman med han og no gjorde tenesta hjå han,
9 og sa til dei: Kva svar råder de til at me skal gjeva dette folket som kom og sa til meg: Du lyt letta den byrdi far din la på oss?
10 Og dei unge, som hadde vakse upp saman med han, svara: So skal du segja til dette folket som kom til deg og sa: Far din gav oss ei tung byrd å bera; gjer no du det lettare for oss - so skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmane åt far min;
11 hev no far min lest ei tung byrd på dykk, so skal eg gjera henne tyngre; hev far min tukta dykk med svepor, so skal eg skal tukta dykk med skorpionar.
12 Tridje dagen kom Jeroboam og heile lyden til Rehabeam, etter di kongen hadde sagt: Kom hit att til meg um tri dagar!
13 Då gav han dei eit hardt svar - han vyrde ikkje den rådi dei gamle hadde gjeve han,
14 men svara so som dei unge hadde rådt han til: Hev far min lagt ei tung byrd på dykk, so skal eg skal gjera henne tyngre; hev far min tukta dykk med svepor, so skal eg tukta dykk med skorpionar.
15 Kongen høyrde ikkje på folket; for Herren laga det so, av di han vilde det ordet skulde sannast som han hadde havt Akia frå Silo til å tala Jeroboam Nebatsson.
16 Då no heile Israels-lyden såg at kongen ikkje vilde høyra på dei, gav dei han sovore svar: Kva deil hev me i David? Me hev ingen lut i Isai-sonen. Heim til tjeldi dine, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David! So for Israels-lyden heim att.
17 Berre yver dei Israels-borni som budde i Juda-byane, vart Rehabeam konge.
18 Kong Rehabeam sende Adoniram i veg, han som hadde tilsyn med arbeidsfolket; men Israels-lyden steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut stiga upp i vogni si det snøggaste han vann og røma til Jerusalem.
19 Soleis fall Israel frå Davids hus, og soleis hev det vore til denne dag.
20 Då det spurdest at Jeroboam var komen heim att, sende heile Israels-lyden bod etter han og kalla han til tings; der kåra dei han til konge yver heile Israel. Det var ingen utan Juda-ætti som heldt seg til Davids hus.
21 Med same Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels hus og vinna riket att åt Rehabeam Salomoson.
22 Då kom Guds ord til Semaja, gudsmannen, og det lydde so:
23 Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Judas og Benjamins hus og alt hitt folket:
24 So segjer Herren: De skal ikkje fara upp og strida mot Israels-sønene, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg. Då lydde dei Herrens ord og for heim att, som Herren hadde sagt.
25 Jeroboam bygde Sikem i Efra'ims-fjelli um til ei borg og busette seg der. Sidan flutte han burt ifrå Sikem og bygde Pnuel um til ei borg.
26 Og Jeroboam tenkte med seg: Riket kunde snart koma attende til Davids hus!
27 Skal dette folket fara upp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda seg til den gamle drotten deira, Rehabeam, kongen i Juda, og so kjem dei til å drepa meg og gjeva seg under Rehabeam, Juda-kongen att.
28 Kongen heldt råd, og so gjorde han tvo gullkalvar og sa til folket: No hev de lenge nok fare upp til Jerusalem! Sjå her er gudane dine, Israel, dei som førde deg upp frå Egyptar-landet.
29 Den eine gullkalven sette han upp i Betel, den andre i Dan.
30 Dette vart eit upphav til synd; folket gjekk radt til Dan og steig fram for den eine av dei.
31 Jeroboam bygde og hus på offerhaugane og sette kven han vilde til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætti.
32 Den femtande dagen i åttande månaden skipa han ei høgtid liksom lauvhyttehelgi i Juda*; då ofra han på altaret. So gjorde han i Betel; han ofra til kalvane han hadde laga, og dei mennene han hadde sett til offerhaug-prestar, let han gjera tenesta i Betel,
33 og han ofra på det altaret han hadde bygt i Betel - det var femtande dagen i den åttande månaden, den månaden han hadde valt etter eige hovud. Då skipa han ei høgtid for Israels-borni og ofra på altaret og brende røykjelse.