Første Kongebok 11
1 Kong Salomo hugla mange framande kvinnor umfram dotter åt Farao - kvinnor som var frå Moab og Ammon og Edom og Sidon og Hetitar-landet,
2 og høyrde til dei heidningfolki som Herren hadde tala um då han sa til Israels-borni: De skal ikkje gjeva dykk i lag med dei, og dei må ikkje koma i hop med dykk*; elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine. Desse kvinnone heldt Salomo seg til og elska dei.
3 Han hadde sju hundrad konor med dronningrang og tri hundrad fylgjekonor, og desse konone vende hugen hans.
4 Det var då Salomo vart gamal, at konone hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans ikkje var heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
5 Salomo fylgde Astarte, sidonarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitane.
6 Han gjorde det som var Herren imot, og fylgde ikkje truge Herren, soleis som David, far hans, hadde gjort.
7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamos, styggedomen åt Moab, på det fjellet som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt Ammons-borni.
8 Det same gjorde han for alle dei framande konone sine, og dei brende røykjelse og ofra til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo for di han hadde vendt hjarta sitt burt frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han tvo gonger
10 og skilleg forbode han å fylgja andre gudar; men han hadde ikkje halde seg etter Herrens bod.
11 Og Herren sa til han: Sidan du hev kome på slike tankar og ikkje hev halde den pakti eg gjorde med deg og dei lovene eg gav deg, so vil eg riva riket frå deg og gjeva det til ein av mennene dine.
12 Men for Davids, far dins, skuld vil eg ikkje gjera det medan du sjølv lever; det er son din eg vil riva riket or hendene på.
13 Heile riket vil eg like vel ikkje riva frå han; eitt fylke vil eg gjeva son din for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg valde meg ut.
14 Og Herren laga det so at ein fiende reiste seg mot Salomo; det var Hadad, ein mann av kongsætti i Edom.
15 For det bar so til at då David var i Edom, og Joab, herhovdingen, drog upp og skulde jorda dei som var falne i striden, slo i hel alle karmenner i Edom
16 - i seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-heren, til han hadde rudt ut alle karmenner i Edom -
17 då fekk Hadad rømt saman med nokre edomitar, nokre av mennene åt far hans, og tok vegen Egyptar-land. Hadad var då berre ein smågut.
18 Dei tok ut frå Midian og kom til Paran; derifrå fekk dei med seg nokre menner og kom so til Egyptar-land, til Farao, kongen der, og han gav Hadad eit hus og sytte for kost åt han og let han få jord.
19 Farao fekk stor godvilje for Hadad og let han syster åt kona si - åt dronning Tahpenes - til kona.
20 Med henne fekk Hadad ein son, som dei gav namnet Genubat; Tahpenes vande guten av i huset åt Farao, og sidan vart han verande der millom sønene åt Farao.
21 Då no Hadad fekk spurt i Egyptar-land at David var faren til federne sine, og at Joab, herhovdingen, var avliden, so sa han til Farao: Lat meg få fara heim til mitt eige land!
22 Farao sa: Kva er det som vantar deg her hjå meg sidan du hev slik hug til å fara heim til landet ditt? Han svara: Ingen ting; men eg bed deg: Lat meg få fara!
23 Ein annan fiende som Gud let reisa seg mot Salomo, var Reson Eljadason. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba,
24 og samla folk um seg og vart hovding for ein røvarflokk - det var den gongen David slo dei* i hel. Sidan for dei** til Damaskus og slo seg ned der og gjorde seg til herrar i Damaskus.
25 Han låg i strid med Israel so lenge Salomo levde, og både han og Hadad gjorde Israel skade. Han hata Israel og var konge yver Syria.
26 So var det Jeroboam Nebatsson som reiste seg mot konge. Han var frå Sereda i Efra'ims-fylket; mor hans heitte Serua og var enkja; sjølv var han ein av tenestmennene åt Salomo.
27 At han reiste seg mot kongen, kom seg so: Salomo heldt på og bygde Millo - han vilde fylla opningi i muren ikring byen som bar namn etter David, far hans.
28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at han, so ung som han var gjorde godt verk, sette han han til å hava tilsyn med alt arbeidet som Josefs-ætti laut greida.
29 Då hende det ein gong på den tid at Jeroboam hadde teke ut frå Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Silo, og han* var klædd i ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.
30 Då tok Akia den nye kåpa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke
31 og sa til Jeroboam: Tak no du ti av desse stykki! For so segjer Herren, Israels Gud: Eg riv riket ut or hendene på Salomo og gje deg dei ti ættene;
32 berre den eine ætti skal han få hava for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg valde meg ut or alle Israels fylke.
33 So gjer eg for di dei forlét meg og tilbad Astarte, sidonarguden, og Kamos, Moab-guden, og Milkom, guden åt Ammons-borni, og ikkje gjekk mine vegar eller gjorde det som rett er i mine augo, og ikkje heldt lovene og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.
34 Like vel vil eg ikkje taka noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste so lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min - han som eg valde ut, og som heldt seg etter bodi og lovene mine.
35 Men eg vil taka riket frå son hans og gjeva det - dei ti ættene.
36 Ei ætt vil eg gjeva til son hans, so David, tenaren min, alltid skal hava ei lampe lysande* for mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg til bustad for namnet mitt.
37 Men deg tek eg fram; du skal råda konge yver alt det hjarta ditt trår etter, og du skal vera konge yver Israel.
38 Og høyrer du på alt det eg segjer til deg, gjeng du mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held lovene og bodi mine, som David, tenaren min, gjorde, so skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend stødt, so som eg gjorde for David, og eg vil gjeva deg Israel.
39 Og Davids-ætti vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all tid.
40 Sidan freista Salomo å få drepe Jeroboam; men Jeroboam tok ut og kom seg undan til Egyptar-land, til Sisak, kongen som rådde der*, og han vart verande i Egyptar-land til Salomo var avliden.
41 Det som meir er å segja um Salomo, um alt det han gjorde, og um visdomen hans, det stend skrive i krønikeboki åt Salomo.
42 I fyrti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde yver heile Israel.
43 So for han til federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.