Johannes' første brev 3
1 Sjå kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss av di ho ikkje kjenner han.
2 De kjære, no er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta han like; for me skal sjå han som han er.
3 Og kvar den som hev denne voni til han, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein.
4 Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot.
5 Og de veit at han er openberra til å taka burt syndene, og det finst ikkje synd i han.
6 Kvar den som vert verande i han, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set han og ikkje kjent han.
7 Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig.
8 Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds Son openberra at han skal gjera ende på djevelens verk.
9 Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd, av di hans sæde vert verande i han, og han kann ikkje synda, av di han er fødd av Gud.
10 På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: Kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin.
11 For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre;
12 ikkje som Kain; som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men gjerningane åt bror hans rettferdige.
13 Undra dykk ikkje, brør, um verdi hatar dykk!
14 Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden.
15 Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev æveleg liv verande i seg.
16 På det hev me lært å kjenna kjærleiken at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne.
17 Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin lida naud og let hjarta sitt att for han, kor kann kjærleiken til Gud vera i han!
18 Born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning!
19 Og på dette skal me kjenna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn;
20 for um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.
21 De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, so hev me frimod for Gud,
22 og det som me bed um, fær me av han; for me held hans bod og gjer det som er han til hugnad.
23 Og dette er hans bod at me skal tru på hans Son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss.
24 Og den som held hans bod, han vert verande i han og han i honom; og på dette kjennar me at han vert verande i oss, av den Ande som han gav oss.