«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 9

1  Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

2  Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det i vissa for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embete i Herren.

3  Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg.

4  Hev me ikkje rett til å eta og drikka?

5  Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona, men likso vel som dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?

6  Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida?

7  Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti han ber? Eller kven føder ei hjord og nøyter ikkje av mjølki frå hjordi?

8  Tålar eg dette berre etter menneske-vis, eller segjer ikkje lovi og dette?

9  For i Mose-lovi stend det skrive: Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med. Er det uksane Gud hev umsut for,

10  eller segjer han det ikkje berre for vår skuld? Jau, det er for vår skuld det er skrive at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut.

11  Hev me sått for dykk dei åndeleg ting, er det då for mykje um me haustar dykkar timelege ting?

12  Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten; me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13  Veit de ikkje at dei som gjer tenesta i templet, fær si føda av templet, og dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret?

14  Sameleis hev og Herren skipa det so for dei som forkynner evangeliet, at dei skal leva av evangeliet.

15  Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor at det skal verta so med meg; for eg vil heller døy enn at nokon skulde gjera til inkjes det som eg rosar meg av.

16  For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg, ja, usæl eg um eg ikkje forkynner evangeliet!

17  For gjer eg det godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det av di eg er nøydd, so er det då eit hushald som er meg yverlate.

18  Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet.

19  For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste,

20  og eg hev vorte som ein jøde for jødane, so eg kann vinna jødar, for dei som er under lovi, som ein som er under lovi - endå eg ikkje sjølv er under lovi - so eg kann vinna dei som er under lovi;

21  for dei som er utan lov, hev eg vorte som ein som er utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov;

22  for dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre.

23  Men alt gjer eg for evangeliet skuld, so eg og kann få lut i det.

24  Veit de ikkje at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men berre ein tek sigersprisen? Renn då såleis, so de kann få han!

25  Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.

26  So renner eg då ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret;

27  men eg tvingar min lekam og trælkar han, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23