Paulus' første brev til Korinterne 8
1 Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp.
2 Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det.
3 Men um nokon elska Gud, so er han kjend av han. -
4 Når det no gjeld det å eta kjøt av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein.
5 For um det og er dei som vert kalla gudar, anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar -
6 so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til han, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved han.
7 Men den kunnskapen hev ikkje alle; sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og etter di samvitet deira er veikt, vert det ureint.
8 Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et.
9 Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike!
10 For um nokon ser deg som hev kunnskap, sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå han som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer?
11 Den veike vert då fortapt for din kunnskap skuld, den bror som Kristus døydde for!
12 Men når de soleis syndar mot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus
13 Difor dersom mat valdar at bror min fell, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda at bror min fell.