«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 5

1  Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningane: at ein held seg med kona åt far sin.

2  Og de er uppblåsne, endå de langt heller skulde syrgja, so den som hev gjort denne gjerningi, kunde verta støytt ifrå dykk.

3  For eg, som vel er fråverande med lekamen, men nærverande med åndi, eg hev alt dømt, som eg var nærverande, at den som hev gjort dette,

4  han skal i vår Herre Jesu Kristi namn, med di de og mi ånd kjem saman i vår Herre Jesu Kristi kraft,

5  verta yvergjeven til Satan til tyning av kjøtet, so åndi kann verta frelst på Herren Jesu dag.

6  Det er ikkje fagert det som de rosar dykk av. Veit de ikkje at ein liten surdeig syrer heile dagen?

7  Reinsa difor ut den gamle surdeigen, so de kann vera ny deig, liksom de er usyrde! for vårt påskelamb er då slakta: Kristus.

8  Lat oss so halda helg, ikkje med gamal surdeig eller med vondskap og ugudlegskaps surdeig, men med reinleiks og sannings usyrde brød!

9  Eg skriv til dykk i brevet mitt at de ikkje skulde hava umgjenge med horkarar,

10  og då meinte eg ikkje horkarane i denne verdi i det heile, eller dei havesjuke og røvarane eller avgudsdyrkarane, for elles laut de ganga ut or verdi;

11  men det eg skreiv til dykk, var at de ikkje skulde hava umgjenge med nokon som er kalla bror og er ein horkar eller havesjuk eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i lag med han.

12  For kvar hev vel eg med å døma dei som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor?

13  men dei som er utanfor, skal Gud døma. So støyt då den vonde ut frå dykk!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23