«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 16

1  Men vedkomande innsamlingi til dei heilage, so skal de fara åt soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydane i Galatia!

2  På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida heime hjå seg sjølv det han fær lukka til, so innsamlingi ikkje skal verta gjord fyrst då når eg kjem.

3  Når eg so kjem, skal eg senda dei som de vil velja til det, med brev, so dei kann føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.

4  Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.

5  Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for Makedonia fer eg igjenom;

6  men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid, eller jamvel vinteren yver, so de kann fylgja meg på vegen dit som eg sidan reiser.

7  Eg vil ikkje vitja dykk no på vegen; for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk, um Herren gjev lov til det.

8  I Efesus drygjer eg til kvitsunnhelgi;

9  for ei stor og verksam dør er upplati for meg, og det er mange motstandarar.

10  Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning, liksom eg;

11  difor må ingen vanvyrda han. Og fylg han på vegen i fred, so han kann koma til meg! for eg ventar på han med brørne.

12  Vedkomande broren Apollos, so bad eg han mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.

13  Vak, statt støde i trui, ver mannelege, ver sterke!

14  Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!

15  Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huslyden åt Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -

16  so vis de og vyrdnad mot dei, og like eins mot alle som hjelper til og gjer seg umak!

17  Eg gleder meg yver at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.

18  For dei hev kveikt mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!

19  Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i huset deira.

20  Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!

21  Helsing med mi, Paulus', hand:

22  Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.

23  Herren Jesu nåde vere med dykk!

24  Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23