Paulus' første brev til Korinterne 15
1 Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend støde i,
2 som de og vert frelste ved dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev kome til trui.
3 For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene,
4 og at han vart gravlagd,
5 og at han stod upp att tridje dagen etter skriftene,
6 og at han synte seg for Kefas, og so for dei tolv.
7 So synte han seg for meir enn fem hundrad brør på ein gong - av dei er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna.
8 Sidan synte han seg for Jakob, so for alle apostlane.
9 Men aller sist synte han seg og for meg, som kann liknast med eit ufullbore foster; for eg er den ringaste av apostlane og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja;
10 men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.
11 Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui.
12 Men når det vert forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at dei daude ikkje kann standa upp att?
13 Men kann ikkje dei daude standa upp att, so er ikkje Kristus heller uppstaden.
14 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og trui dykkar fåfengd;
15 då stend me og som falske vitne um Gud, for di me hev vitna imot Gud at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja so framt dei daude ikkje stend upp.
16 For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden.
17 Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus, so er de endå i syndene dykkar;
18 so er og dei fortapte som er avsovna i Kristus.
19 Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneske.
20 Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av dei som er avsovna.
21 For etter di dauden kom ved eit menneske, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneske;
22 for liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta levandegjorde i Kristus.
23 Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda; so skal dei som høyrer Kristus til, verta levandegjorde når han kjem att;
24 so kjem enden, når han yvergjev riket til Gud og Faderen, etter han hev gjort all makt og all yverråd og alt velde til inkjes.
25 For han skal vera konge til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter.
26 Den siste fienden som vert tynt, er dauden;
27 for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er han underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under han, er undanteken;
28 men når alt er han underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under han som hev lagt alt under han, so Gud skal vera alt i alle.
29 Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp att, kvi let dei seg då døypa for dei?
30 Kvi set og me oss i fåre kvar time?
31 Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre.
32 Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp att, so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!
33 Far ikkje vilt! Låkt lag spiller gode seder.
34 Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume kjenner ikkje Gud; til dykkar skam segjer eg det.
35 Men ein kunde segja: Korleis stend dei daude upp? og kva slag lekam kjem dei fram med?
36 Du uvituge! det som du sår, vert ikkje levandegjort utan det døyr.
37 Og når du sår, sår du ikkje den lekamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn;
38 men Gud gjev det ein lekam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen lekam.
39 Ikkje alt kjøt er det same kjøt, men eitt er kjøt i menneske, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk.
40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; men EIN herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske.
41 Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernone; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans.
42 Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom;
43 det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmakt, det stend upp i kraft;
44 det vert sått ein naturleg lekam, det stend upp ein åndeleg lekam. So visst som det finst ein naturleg lekam, so finst det og ein åndeleg lekam.
45 Soleis stend det og skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel; den siste Adam hev vorte til ei livgjevande ånd.
46 Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege.
47 Det fyrste mennesket var frå jordi, jordisk; det andre mennesket er frå himmelen.
48 Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera,
49 og liksom me hev bore biletet av den jordiske, so skal me og bera biletet av den himmelske.
50 Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom.
51 Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapte,
52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapte.
53 For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.
54 Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: Dauden er gløypt til siger.
55 Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?
56 Men brodden i dauden er syndi, og krafti i syndi er lovi;
57 men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
58 Difor, mine kjære brør, ver støde og urikkelege, alltid rike i Herrens gjerning, etter di de veit at arbeidet dykkar ikkje er fåfengt i Herren!