«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 13

1  Um eg talar med mennesketungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.

2  Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.

3  Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min lekam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.

4  Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;

5  han gjer inkje usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;

6  han gleder seg ikkje ved urettferd, men gleder seg ved sanning.

7  Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

8  Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.

9  For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;

10  men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.

11  Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, la eg av det barnslege.

12  For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.

13  Men no vert dei verande desse tri: tru, von, kjærleik, og størst av dei er kjærleiken.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23