Paulus' første brev til Korinterne 12
1 Men um dei åndelege gåvone vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør!
2 De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudane, etter som de vart dregne.
3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, segjer: Forbanna er Jesus! og ingen kann segja: Jesus er Herre! utan i den Heilage Ande.
4 Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same;
5 og det er skil på tenestor, men Herren er den same;
6 og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle.
7 Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnleg.
8 For ein fær visdoms tale ved Anden, ein annan kunnskaps tale ved den same Ande;
9 ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande,
10 ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor.
11 Alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg etter som han vil.
12 For liksom lekamen er ein og hev mange lemer, men alle lemene på lekamen er ein lekam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus;
13 for med EIN Ande er me alle døypte til å vera EIN lekam - anten me er jødar eller grekarar, trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein og den same Ande.
14 For lekamen er ikkje heller ein lem, men mange.
15 Um foten vilde segja: For di eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen, so høyrer han då like fullt med til lekamen.
16 Og um øyra vilde segja: For di eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen, so høyrer det då like fullt med til lekamen.
17 Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti?
18 Men no hev Gud sett lemene, kvar ein av dei, på lekamen, so som han vilde.
19 Men dersom dei alle var EIN lem, kvar vart det då av lekamen?
20 Men no er det mange lemer, men ein lekam.
21 Auga kann ikkje segja til handi: Eg treng ikkje til deg, eller hovudet til føtene: Eg treng ikkje til dykk.
22 Tvert imot: dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.
23 Og dei lemene på lekamen som me tykkjer er mindre æra verde, dei klæder me med større æra, og dei lemene våre som me blygjest ved, dei klæder me med større blygd,
24 men dei lemene våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett lekamen soleis saman at han gav det ringaste størst æra,
25 so det ikkje skal vera tvidrag i lekamen, men at lemene skal hava same umsut for kvarandre.
26 Og um ein lem lid, so lid alle lemene med, eller um ein lem vert heidra, so gleder alle lemene seg med.
27 Men no er de Kristi lekam og hans lemer, kvar etter sin lut.
28 Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor.
29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk?
30 Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda dei?
31 Men streva etter dei største nådegåvone! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.