«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 11

1  Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!

2  Eg rosar dykk at de minnest meg i alle ting og held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk dei.

3  Men eg vil de skal vita at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.

4  Kvar mann som hev noko på hovudet når han bed eller talar profetord, han vanærar hovudet sitt;

5  men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.

6  For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømeleg for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!

7  For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, etter di han er Guds bilete og æra; men kvinna er mannsens æra.

8  For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen;

9  mannen vart då ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.

10  Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englane skuld.

11  Men Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna;

12  for liksom kvinna er av mannen, og so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.

13  Døm hjå dykk sjølve: er det sømeleg at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?

14  Lærer ikkje sjølve naturi dykk at um ein mann let håret veksa langt, er det han til vanæra,

15  men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til slør.

16  Men dersom nokon vil vera trettekjær, so hev ikkje me den sedvanen, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.

17  Dette segjer eg dykk no fyre. Men det eg ikkje kann rosa, er at de kjem saman ikkje til det betre, men til det verre.

18  For fyrst so høyrer eg at når de kjem saman i kyrkjelyden, er det usamnad hjå dykk, for ein deil trur eg at so er;

19  for det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.

20  Når de då kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et;

21  for når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.

22  Hev de då ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar dei som ingen ting hev? Kva skal eg segja til dykk? skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.

23  For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus den natti han vart sviken, tok han eit brød,

24  takka og braut det og sa: Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!

25  Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minna um meg!

26  For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.

27  Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens lekam og blod.

28  Men kvart menneske prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!

29  For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom når han ikkje gjer skil på Herrens lekam.

30  Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.

31  Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde;

32  men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.

33  Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre;

34  og um nokon hungrar, so ete han heime, so dei ikkje skal koma saman til dom! Det andre skal eg gjeva fyresegner um når eg kjem.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23