«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' første brev til Korinterne 10

1  For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet

2  og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,

3  og dei åt alle den same åndelege maten

4  og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei, og berget var Kristus.

5  Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av dei; for dei vart nedslegne i øydemarki.

6  Men alt dette hende til fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde, liksom dei trådde etter det.

7  Vert ikkje heller avgudsdyrkarar, liksom nokre av dei, som skrive stend: Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp å leika.

8  Lat oss ikkje heller gjera hor, liksom nokre av dei dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!

9  Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av dei freista han og vart tynte av hoggormar!

10  Murra ikkje heller, liksom nokre av dei murra og vart tynte av tynaren!

11  Men dette hende dei so det skulde vera til fyredøme, og det er skrive til påminning for oss, som dei siste tider er komne til.

12  Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!

13  Dykk hev ingi freisting råka som menneske ikkje kann bera; og Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal laga både freistingi og utgangen på henne, so de kann halda det ut.

14  Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!

15  Eg talar til dykk som til skynsame folk. Døm sjølve um det eg segjer!

16  Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi lekam?

17  Av di der er eitt brød, er me EIN lekam, endå me er mange; for me fær alle vår lut av det eine brødet.

18  Sjå på Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?

19  Kva meiner eg so? At det er noko avgudsoffer til? eller at det er nokon avgud til?

20  Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde åndene.

21  De kann ikkje drikka kalken åt Herren og kalken åt vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.

22  Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vil ikkje sterkare enn han?

23  Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.

24  Ingen søkje bate for seg sjølv, men kvar og ein det som batar den andre!

25  Et alt som vert selt i slaktarbui, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

26  for jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.

27  Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

28  Men segjer nokon til dykk: Dette er avgudsoffer, so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld!

29  Samvitet, segjer et, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?

30  Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?

31  Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!

32  Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grekarar eller for Guds kyrkja;

33  ver liksom eg, som i alt strevar å tekkjast alle og ikkje tenkjer på det som er gagnleg for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23