Paulus' første brev til Korinterne 1
1 Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes
2 - til Guds kyrkjelyd som er i Korint, dei som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle dei som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.
3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!
4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,
5 at de i han er gjorde rike på alt, på all læra og all kunnskap,
6 etter di Kristi vitnemål hev vorte rotfest hjå dykk,
7 so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring.
8 Han skal og styrkja dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.
9 Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son, Jesus Kristus, vår Herre.
10 Men eg legg dykk på hjarta, brør, ved vår Herre Jesu Kristi namn at de alle må vera samde i dykkar tale, og at de ikkje må skilja dykk i flokkar, men vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.
11 For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.
12 Det er det eg meiner, at kvar av dykk segjer: Eg held meg til Paulus; eg til Apollos; eg til Kefas; eg til Kristus.
13 Er Kristus sundskift? Var det Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til Paulus' namn de vart døypte?
14 Eg takkar Gud at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gajus,
15 so ikkje nokon skal segja at de vart døypte til mitt namn.
16 Men det er sant, eg døypte og huslyden åt Stefanas; elles veit eg ikkje at eg hev døypt nokon annan.
17 For Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.
18 For ordet um krossen er vel dårskap for dei som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
19 For det stend skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?
21 Jau, etter di verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so var det Guds vilje ved dårskapen i denne forkynningi å frelsa dei som trur.
22 For jødane krev teikn, og grekarane søkjer visdom,
23 men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grekarar,
24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.
25 For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmakt er sterkare menneski.
26 For sjå på dykkar kall, brør: det var ikkje mange vise etter kjøtet som vart kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta;
27 men det som er dårleg i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar;
28 og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,
29 so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.
30 Men hans verk er det at de er i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,
31 so at, som skrive stend: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.