«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 9

1  Alle Israels-menner var innførde i ættelistor; dei er, som me veit, uppskrivne i boki åt Israels-kongane. Då Juda-mennene vart førde av til Babel for skuld svikferdi si,

2  var sume av den gamle landslyden buande på eigedomen sin, i byane sine; det var nokre menner av folket og prestar og levitar og tempelsveinar.

3  I Jerusalem budde nokre av Juda-borni og av Benjamins-borni og av Efra'ims- og Manasse-borni. Det var:

4  Utai, son åt Ammihud, son åt Omri, son åt Imri, son åt Bani, av borni åt Peres Judason;

5  og av silonitane*: Asaja, den eldste, og sønene hans;

6  og av Serahs-sønene: Je'uel og brørne deira, seks hundrad og nitti i talet;

7  og av Benjamins-borni: Sallu, son åt Mesullam, son åt Hodavja, son åt Hassenua,

8  og Jibneja, son åt Jeroham, og Ela, son åt Ussi, son åt Mikri, og Mesullam, son åt Sefatja, son åt Re'uel, son åt Jibnija,

9  og brørne deira etter ættene sine, ni hundrad og seks og femti i talet; alle desse var menner som hadde hovdingrang i ættgreinene sine.

10  Og av prestane: Jedaja og Jojarib og Jakin

11  og Asarja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Akitub - han var forstandar for Guds hus -

12  og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pashur, son åt Malkia, og Masai, son åt Adiel, son åt Jahsera, son åt Mesullam, son åt Mesillemit, son åt Immer,

13  og brørne deira - dei var alle folk med hovdingrang i ættgreinene sine, eitt tusund og sju hundrad og seksti i talet, menner som dugde vel til å gjera tenesta i Guds hus.

14  Og av levitane: Semaja, son åt Hassub, son åt Asrikam, son åt Hassabja, av Merari-borni,

15  og Bakbakkar og Heres og Galal og Mattanja, son åt Mika, son åt Sikri, son åt Asaf,

16  og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-buane.

17  Og portvaktarane: Sallum og Akkubb og Talmon og Akiman og brørne deira; Sallum var den øvste av dei,

18  og dei* stend enno ved Kongeporten, på austsida. Desse var det som var portvaktarar i lægri åt Levi-borni.

19  Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans - dei som var av same ættgreini som han, korahitane - hadde fenge det yrket at han skulle halda vakt ved dørstokkane i tjeldet, for di federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger.

20  Pinhas, son åt Eleasar, var fyrr i tidi forstandaren deira; Herren var med han.

21  Sakarja, son åt Meselemja, vakta møtetjelddøri.

22  Dei som var utkåra til å vera vaktarar ved dørstokkane, var i alt tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættelistor etter landsbyane sine. David og Samuel, sjåaren, hadde sett dei inn i embetet deira.

23  Dei og sønene deira stod ved portane åt Herrens hus - tjeldhuset - og heldt vakt.

24  Etter dei fire himmelættene hadde portvaktarane stødet sitt - mot aust, mot vest, mot nord og mot sud;

25  og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulde tid for tid koma og hjelpa dei sju dagar i senn;

26  for dei fire gjævaste portvaktarane* var stødt i tenesta. Dei var levitar. Kovane og skattkammeri i Guds hus hadde dei og tilsyn med.

27  Um natti heldt dei seg kringum Guds hus; for det var dei som skulde halda vakt, og det var dei som laut syta for at portane vart upplatne kvar morgon.

28  Sume av levitane hadde tilsyn med dei gognene som vart nytta i gudstenesta, og tok tal på dei, både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut,

29  og sume var sette til å taka vare på dei andre gognene - på alle dei gognene som fanst i heilagdomen - og på mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddone.

30  Det var nokre av prestesønene som laga kryddesalven.

31  Mattitja, ein av levitane - han var eldste son åt Sallum, korahiten - hadde fenge det yrket at han skulde laga kakone,

32  og nokre av kahatit-sønene, brørne deira, halda tilsyn med skodebrødi og skulde leggja dei fram kvar sabbat.

33  Dette* var songarane, ættehovdingar hjå levitane; dei heldt til i kovane og var fritekne for onnor tenesta; for dei hadde dag og natt nok å gjera med sitt eige arbeid.

34  Alle desse* var ættehovdingar hjå levitane, hovdingar i kvar si ættegrein; dei budde i Jerusalem.

35  I Gibeon budde Je'uel, far åt Gibeon. Kona hans heitte Ma'aka.

36  Eldste son hans var Abdon; so var det Sur og Kis og Ba'al og Ner og Nadab

37  og Gedor og Ahjo og Sakarja og Miklot.

38  Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne sine.

39  Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønene Jonatan og Malkisua og Abinadab og Esba'al.

40  Son hans Jonatan heitte Meribba'al, og Meribba'al fekk sonen Mika.

41  Sønene hans Mika var Piton og Melek og Tahrea.

42  Akas fekk sonen Jara, og Jara fekk sønene Alemet og Asmavet og Simri, og Simri fekk sonen Mosa.

43  Mosa fekk sonen Bina; hans son heitte Refaja, hans son Elasa, hans son Asel.

44  Asel hadde seks søner, og her kjem namni deira: Asrikam, Bokeru og Ismael og Searja og Obadja og Haman. Dette var sønene åt Asel.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23