«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 8

1  Benjamin fekk sønene Bela, som var eldst, Asbel, som var den andre, Akrah, den tridje,

2  Noka, den fjorde, og Rafa, den femte.

3  Bela hadde sønene Addar og Gera og Abihud

4  og Abisua og Na'aman og Akoah

5  og Gera og Sefufan og Huram.

6  Dette var sønene åt Ehud, dei same som var ættehovdingar hjå Seba-buane, som vart burtførde til Manahat

7  - det var Na'aman som saman med Akia og Gera førde dei dit - han* fekk sønene Ussa og Akihud.

8  So var det Sahara'im; han fekk born i Moab-landet etter han hadde sendt frå seg Husim og Ba'ara, konone sine.

9  Med Hodes, kona si, fekk han Jobab og Sibja og Mesa og Malkam

10  og Je'us og Sokja og Mirma; dette var sønene hans; dei var ættehovdingar.

11  Med Husim hadde han fenge Abitub og Elpa'al.

12  Sønene hans Elpa'al var Eber og Mis'am og Semer - han var det som bygde Ono og Lod med grendene som høyrer til -

13  og Beria og Sema; dei var ættehovdingane åt Ajalon-buane og hadde vunne på Gat-buane, som laut røma for dei.

14  Ahjo og Sasak og Jeremot

15  og Sebadja og Arad og Eder

16  og Mikael og Jispa og Joha var sønene hans Beria.

17  Sebadja og Mesullam og Hiski og Heber

18  og Jismerai og Jislia og Jobab var sønene hans Elpa'al.

19  Jakim og Sikri og Sabdi

20  og Elienai og Silletai og Eliel

21  og Adaja og Beraja og Simrat var sønene hans Sime'i.

22  Jispan og Eber og Eliel

23  og Abdon og Sikri og Hanan

24  og Hananja og Elam og Antotija

25  og Jifdeja og Pniel var sønene hans Sasak.

26  Samserai og Seharja og Atalja

27  og Ja'aresja og Elia og Sikri var sønene hans Jeroham.

28  Alle desse var ættehovdingar - hovdingar for kvar si ættgrein; dei budde i Jerusalem.

29  I Gibeon budde far åt Gibeon*. Kona hans heitte Ma'aka.

30  Eldste sonen hans var Abdon; so var det Sur og Kis og Ba'al og Nadab

31  og Gedor og Ahjo og Seker.

32  Miklot fekk sonen Simea. Dei og budde i Jerusalem, i lag med brørne* sine der, midt for brørne sine.

33  Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønene Jonatan og Malkisua og Abinadab og Esba'al.

34  Son hans Jonatan heitte Meribba'al*, og Meribba'al fekk sonen Mika.

35  Sønene hans Mika var Piton og Melek og Tarea og Akas.

36  Akas fekk sonen Joadda, og Joadda fekk sønene Alemet og Asmavet og Simri, og Simri fekk sonen Mosa.

37  Mosa fekk sonen Bina; hans son heitte Rafa, hans son Elasa, hans son Asel.

38  Asel hadde seks søner, og her kjem namni deira: Asrikam, Bokeru og Ismael og Searja og Obadja og Hanan; alle desse var søner åt Asel.

39  Sønene åt Esek, bror hans, var Ulam, den eldste, Je'us, den andre, og Elifelet, den tridje.

40  Sønene hans Ulam var djerve hermenner, hæve bogeskyttarar. Dei hadde mange søner og sonesøner - hundrad og femti. Alle desse var av Benjamins-ætti.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23