Første Krønikebok 7
1 Sønene hans Issakar var Tola og Pua, Jasib og Simron; dei var fire i talet.
2 Sønene hans Tola var Ussi og Refaja og Jeriel og Jahmai og Jibsam og Samuel; dei var hovdingar for dei lydane som ætta frå Tola, og djerve hermenner i sine ætter. I Davids tid var dei tvo og tjuge tusund og seks hundrad i talet.
3 Sønene hans Ussi var Jisrahja, og sønene åt Jisrahja var Mikael og Obadja og Joel og Jissija; alle fem var dei ættehovdingar.
4 Og ikring dei fylkte seg etter ætter og ættgreiner, stridsbudde herflokkar - seks og tretti tusund mann; for dei hadde mange konor og born.
5 Brørne deira i alle Issakars-ættene var og djerve hermenner; i alt stod det sju og åtti tusund mann i ættelista deira.
6 Sønene hans Benjamin var Bela og Beker og Jediael, tri i talet.
7 Sønene hans Bela var Esbon og Ussi og Ussiel og Jerimot og Iri, fem i talet; dei var ættehovdingar og djerve hermenner. I ættelista deira stod det tvo og tjuge tusund og fire og tretti mann.
8 Sønene hans Beker var Semira og Joas og Elieser og Eljoenai og Omri og Jeremot og Abia og Anatot og Alemet; alle desse var søner åt Beker.
9 I ættelistone deira, der ættene og hovdingane for ættgreinene, djerve hermenner, stod uppskrivne, var dei tjuge tusund og tvo hundrad mann.
10 Sønene åt Jediael var Bilhan, og sønene hans Bilhan var Je'is og Benjamin og Ehud og Kena'ana og Setan og Tarsis og Akisahar;
11 alle desse var søner åt Jediael, ættehovdingar og djerve hermenner - syttan tusund og tvo hundrad mann som var budde til å fara i herferd.
12 So var det Suppim og Huppim, sønene åt Ir, og Husim var ætta frå Aker.
13 Sønene hans Naftali var Jahsiel og Guni og Jeser og Sallum; dei var sønene hennar Bilha.
14 Sønene hans Manasse var Asriel, som var ætta frå den syriske fylgjekona hans; ho åtte Makir, som vart far åt Gilead.
15 Makir tok ei syster åt Huppim og Suppim til kona, og syster hans heitte Ma'aka. Den andre sonen heitte Selofhad og Selofhad hadde berre døtter.
16 Ma'aka, kona hans Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Seres, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17 Son åt Ulam heitte Bedan. Desse var søner åt Gilead, son åt Makir Manasseson.
18 Han* hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho vart mot til Ishod og Abieser og Mahla.
19 Sønene åt Semida var Akjan og Sekem og Likhi og Aniam.
20 Sønene hans Efra'im var Sutelah - hans son heitte Bered og hans son Tahat og hans son Elada og hans son Tahat
21 og hans son Sabad og hans son Sutelah - og Eser og Elad*. Gat-mennene, dei som åtte heime der i landet, drap dei, for di dei kom dit ned og vilde rana feet deira.
22 Efra'im, far deira, syrgde i lenge, og brørne hans kom og vilde trøysta han.
23 Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn og åtte ein son, som han kalla Beria, av di dette bar til medan det var ulukke i huset hans.
24 Dotter hans heitte Se'era; det var ho som bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Se'era.
25 Son hans* heitte Refa; hans søner heitte Resef og Tela, hans son Tahan,
26 hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisama,
27 hans son Non og hans son Josva.
28 Odelslandet og bustadene deira var Betel med bygdene som låg ikring, og i aust Na'aran, i vest Geser med bygdene som låg ikring, og Sikem med bygdene som låg ikring, alt til Gasa med bygdene der ikring.
29 Manasse-borni åtte Betsean og Ta'anak og Megiddo og Dor, alle med bygdene som låg ikring kvar av desse byane. I desse byane budde etterkomarane etter Josef Israelsson.
30 Sønene hans Aser var Jimna og Jisva og Jisvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah.
31 Sønene hans Beria var Heber og Malkiel; han var far åt Birsot.
32 Heber vart far til Jaflet og Somer og Hotam og Sua, syster deira.
33 Sønene hans Jaflet var Pasak og Bimhal og Asvat; so heitte sønene åt Jaflet.
34 Sønene hans Semer var Aki og Rohga, Jehubba og Aram.
35 Sønene åt Helem, bror hans, var Sofah og Jimna og Seles og Amal.
36 Sønene åt Sofah var Suah og Harnefer og Sual og Beri og Jimra,
37 Beser og Hod og Samma og Silsa og Jitran og Be'era.
38 Sønene åt Jeter var Jefunne og Pispa og Ara.
39 Sønene åt Ulla var Arah og Hanniel og Risja.
40 Alle desse var søner åt Aser, hovdingar for ættgreinene sine, utvalde stridsføre herkjempor, hovdingar millom fyrstane. I ættelista deira stod det seks og tjuge tusund mann som var føre til å gjera hertenesta.