Første Krønikebok 5
1 Sønene åt Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men av di han vanhelga lega åt far sin, fekk sønene åt Josef Israelsson odelsretten, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp ættelista som den eldste;
2 for Juda var nok den mektigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans* var etla til fyrste, men odelsretten høyrde Josef til -
3 sønene åt Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.
4 Sønene åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime'i;
5 hans son var Mika; hans son var Reaja; hans son var Ba'al;
6 hans son var Be'era, han som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, hertok og førde burt. Han var hovding for rubenitane;
7 og brørne hans var etter sine ætter, då dei var uppskrivne etter sine ættleder: Je'iel, den fyrste, og Sakarja
8 og Bela, son åt Asas, som var son åt Sema Joelsson; han hadde heimen sin i Aroer og alt burtåt Nebo og Ba'al-Meon;
9 og austetter nådde bustadene hans burtimot øydemarki som ligg hitanfor Frat-elvi; for bufeet deira hadde auka sterkt i Gilead-landet.
10 I Sauls tid gjorde dei ei herferd mot hagarenane og la dei under seg; sidan slo dei seg ned i tjeldbuene deira langs med heile austsida av Gilead.
11 Gads-borni budde midt imot dei i Basan-landet alt til Salka:
12 Joel var den fyrste, Safan den andre; so var det Janai og so Safat - alle i Basan.
13 Brørne deira var etter sine ættgreiner Mikael og Mesullam og Seba og Jorai og Jakan og Sia og Eber, sju i talet.
14 Alle desse var søner åt Abiha'il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Bus.
15 Aki, son åt Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira.
16 Dei budde i Gilead i Basan og byane som høyrde til, og alt beitelandet i Saron, so langt det rakk.
17 Alle desse vart uppskrivne i ættelistone den tid Jotam var konge i Juda, og den tid Jeroboam var konge i Israel.
18 Rubens-borni og gaditane og helvti av Manasse-ætti var djerve menner, menner som bar skjold og sverd og spente boge og hadde lært hermannsyrket; dei var fire og fyrti tusund og sju hundrad og seksti våpnføre menner.
19 Dei hadde ufred med hagarenane og Jetur og Nafis og Nodab,
20 men fekk hjelp imot dei, so hagarenane og alle som var i lag med dei, vart gjevne i deira vald; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, etter di dei leit på han.
21 Dei tok bufeet deira og dreiv det burt; det var femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen; dessutan hertok dei hundrad tusund karar og kvinnor.
22 For det hadde vore eit stort mannefall, etter di denne ufreden var frå Gud. Sidan budde dei i bygdene heilt til dei vart drivne i utlægd.
23 Dei som høyrde til halve Manasse-ætti, budde og der i landet, frå Basan til Ba'al-Hermon og Senir og Hermon-fjellet; dei var mangmente.
24 Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer og Jisi og Eliel og Asriel og Jirmeja og Hodavja og Jahdiel - djerve herkjempor, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.
25 Men dei sveik sin fedre-Gud og heldt seg med dei gudane som folki der i landet dyrka, dei folki som Gud hadde rudt ut for dei.
26 Då var det Israels Gud eggja upp assyrarkongen Ful imot dei, og so assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde dei i utlægd - både rubenitane og gaditane og halve Manasse-ætti - og flutte dei til Halah og Habor og Hara og Gosan-elvi, og der hev dei vore til denne dag.