Første Krønikebok 29
1 Sidan tala kong David so til heile lyden som hadde samla seg der: Salomo, son min, den einaste som Gud hev kåra, er ung og kløkk, og verket som skal gjerast er stort; for denne gilde bygnaden er ikkje etla åt eit menneske, men åt Herren Gud.
2 So hev eg då av all mi makt drege i hop vyrke til huset åt min Gud: gull til det som skal vera av gull, sylv til det som skal vera av sylv, kopar til det som skal vera av kopar, jarn til det som skal vera av jarn, og tre til det som skal vera av tre, og eg hev samla onykssteinar og andre glimesteinar, steinar som høver til innfelling, svartblanke steinar og steinar med ymse leter - allslags dyre steinar - og ovmange marmorhellor.
3 Og av di Guds hus er meg so kjært, gjev eg og alt eg eig av gull og sylv, til min Guds hus - umfram alt det eg hev samla i hop til det heilage huset,
4 tri tusund talent gull - gull som er henta frå Ofir - og sju tusund talent reinsa sylv til å klæda veggene i tempelromi med,
5 gull og sylv til alt som skal vera av gull og sylv, og til kvart verk som skal gjerast av kunstnarhand. Kven er no viljug til å fylla handi si med gåver til Herren i dag?
6 Då kom dei viljugt med gåvor, både hovdingane for ættgreinene og Israels fylkeshovdingar og hovudsmennene yver tusund og yver hundrad mann og tilsynsmennene yver alt arbeid som vart gjort for kongen:
7 Fem tusund talent og ti tusund darikar gull og ti tusund talent sylv og attan tusund talent kopar og hundrad tusund talent jarn gav dei til arbeidet på Guds hus.
8 Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gerson-ætti hadde i varveitsla.
9 Og folket gledde seg av di dei gav so viljugt, for med heil hug og av fri vilje gav dei Herren gåvone sine. Kong David og var storglad.
10 Og David lova Herren framfor heile møtelyden og sa: Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æva til æva!
11 Deg, Herre, høyrer stordomen til og veldet og æra og bragdi og herlegdomen, ja alt som i himmelen og på jordi er. Ditt er riket, Herre, og du er upphøgd yver alt og hev alt i di makt.
12 Rikdom og æra kjem frå deg, og du råder yver alle ting. I di hand er kraft og styrke, og du hev makt til å gjera kva du vil stort og sterkt.
13 So prisar me deg no, vår Gud, og lover ditt herlege namn.
14 For kven er eg, og kva er folket mitt, at me skulde evla å gjeva so raust ei gåva? Nei, frå deg kjem det alt saman, og det er av det du hev gjeve oss, me hev gjeve deg.
15 For me framande for di åsyn og gjester, liksom alle federne våre. Som ein skugge er dagane våre på jordi og utan von*.
16 Herre, vår Gud! Alle desse rikdomane som me hev drege i hop, so me kunde byggja eit hus for ditt heilage namn - or di hand er dei komne, og ditt er det alt saman.
17 Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i ein ærleg hug. Vel - av eit ærleg hjarta hev eg gjeve deg alt dette, og med gleda hev eg no set korleis folket ditt som her stend, friviljugt hev kome til deg med gåvone sine.
18 Herre, du Gud åt Abraham, Isak og Israel, federne våre! Lat det alltid vera sovore hjartelag og sovore tankar i folket ditt, og vend hjarta deira til deg!
19 Og gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta, so han held seg etter bodi og vitnemåli og lovene dine og fullfører alt saman og reiser den gilde bygnaden som eg hev samla tilfang til.
20 Sidan sa David til heile møtelyden: Lova no Herren dykkar Gud! Og heile møtelyden lova Herren, sin fedre-Gud, og bøygde seg og kasta seg ned for Herren og for kongen.
21 So bar dei fram slaktoffer for Herren, og dagen etter ofra dei brennoffer til Herren: tusund uksar, tusund verar og tusund lamb, med drikkofferi som til høyrde, og ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.
22 Og same dagen åt dei og drakk for Herrens åsyn i stor gleda og gjorde Salomo, son åt David, til konge andre gongen*; dei salva han til ein Herrens fyrste, og Sadok til prest.
23 So vart då Salomo konge etter David, far sin, og sat på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han.
24 Og alle hovdingane og kjempone og like eins alle sønene åt kong David hyllte kong Salomo.
25 Herren gjorde Salomo ovleg stor i augo åt heile Israel og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel fyre han hadde havt.
26 David, son åt Isai, hadde vore konge yver heile Israel.
27 Den tidi han rådde yver Israel var fyrti år. I Hebron sat han konge i sju år og i Jerusalem i tri og tretti år.
28 Han døydde i høg alder, mett av dagar og rikdom og æra, og Salomo, son hans, vart konge etter han.
29 Det som er å fortelja um kong David, frå fyrst til sist, det stend skrive i krønikeboki åt Samuel, sjåaren, og i krønikeboki åt Natan, profeten, og i krønikeboki åt Gad, sjåaren.
30 Der er det og fortalt um heile kongedømet hans og storverki hans og um dei tilburdane som i hans tid kom yver han og yver Israel og alle andre land og rike.