Første Krønikebok 28
1 So samla David alle Israels hovdingar i Jerusalem, både ættehovdingane og hovdingane yver dei herflokkane som gjorde tenesta hjå kongen, og hovudsmennene yver tusund og yver hundrad mann og tilsynsmennene yver all eigedomen og buskapen åt kongen og sønene hans, og like eins hirdmennene og kjempone og alle andre gjæve menner.
2 Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa: Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt meg til å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkista og for fotskammelen åt vår Gud, og eg hadde drege i hop byggjevyrke.
3 Men Gud sa til meg: Du skal ikkje byggja eit hus åt namnet mitt; for du er ein stridsmann og hev rent ut blod.
4 Herren, Israels Gud, hev av heile farsætti mitt kåra ut meg til å vera konge yver Israel for all tid. For det var Juda han valde ut til å vera fyrste, og or Juda-ætti valde han ut huset åt far min, og millom sønene åt far hadde han hugnad i meg og gjorde meg til konge yver heile Israel.
5 Og av alle sønene mine - for Herren hev gjeve meg mange søner - kåra han Salomo, son min, til å sitja på Herrens kongsstol og råda yver Israel.
6 Han sa til meg: Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og fyregardane mine; for han hev eg valt meg til son, og eg skal vera far for han
7 og grunnfesta kongedømet hans til æveleg tid, so framt han er stød til å halda seg etter bodi og lovene mine liksom no.
8 Og no stend eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg segjer: Haldt alle dei bodi som Herren dykkar Gud hev gjeve dykk, og granska dei vel, so de kann få eiga dette gode landet og lata det ganga i arv til etterkomarane dykkar til æveleg tid.
9 Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han med heilt hjarta og ein viljug sjel! For Herren ransakar alle hjarto og veit vel um alt det menneski emnar og tenkjer på. Dersom du søkjer Herren, so lagar han det so at du finn han; men vender du deg frå han, kjem han til å støyta deg burt for all tid.
10 Sjå no åt! For Herren hev valt deg ut til å byggja eit hus som skal vera heilagdomen hans. Ver hugheil og legg hand på verket!
11 Og David gav Salomo, son sin, eit bilete av forhalli og tempelbygnadene og skattkammeri og høgelofts-romi og dei indre kovane og romet åt nådestolen,
12 og ei bilete av alt det hugen hans leika på, av fyregardane til Herrens hus og alle kovane rundt ikring - dei som var etla åt skattane som høyrde Guds hus til, og åt dei eignelutene som var helga til Herren,
13 og åt presteskifti og levitskifti og åt alt arbeidet som trongst til tenesta i Herrens hus, og åt all reidskapen som skulde nyttast i gudstenesta -
14 og av alt det som skulde vera av gull, med fråsegn um gullvekti, all reidskapen som høyrde til kvar einskild gudstensta, og av all sylvreidskapen etter vekt, all reidskapen som høyrde til kvar einskild gudstenesta.
15 Han skreiv upp vekti på gull-ljosestakane med gull-lampone som høyrde til, etter det kvar stake for seg skulde vega med lampone sine, og på sylvljosestakane, etter det kvar stake for seg skulde vega med lampone sine - alt i samhøve med det kvar stake var etla til i gudstenesta -
16 like eins vekti på gullet til skodebrødsbordi, bord for bord, og på sylvet til sylvbordi,
17 Og han gav han eit bilete av steikjespiti og blodbollane og kannone - dei skulde vera av skirt gull - og av gullstaupi, etter det kvart staup skulde vega og av sylvstaupi, etter det kvart staup skulde vega,
18 og av røykofferaltaret - det skulde vera av skirt gull, og han skreiv upp vekti på det - og so eit bilete av vogni: gullkjerubane som heldt vengene utbreidde og tekte yver Herrens paktkista.
19 Um alt dette [sa David], alt som skal gjerast etter biletet, hev Herren rettleidt meg i ei skrift frå si hand.
20 So sa David til Salomo, son sin: Ver sterk og stød og legg hand på verket! Du skal ikkje reddast og ikkje fæla. For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han vil ikkje sleppa deg og ikkje vika frå deg, fyrr alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus, er fullført.
21 Sjå, her er preste- og levitskifti, som skal greida all tenesta i Guds hus, og til kvart verk som skal gjerast, hev du folk hjå deg som alle er viljuge til å hjelpa deg og kunnige i allslags arbeid. Og hovdingane og heile folket er reiduge til å gjera alt det du segjer.