Første Krønikebok 27
1 Dette er Israels-borni etter talet deira, med ættehovdingane og herhovdingane - dei yver tusund og dei yver hundrad mann - og tilsynsmennene deira, som gjekk kongen til handi i alt som kom herflokkane ved; desse herflokkane kom og for til skiftes kvar månad gjenom heile året, og i kvar flokk var det fire og tjuge tusund mann.
2 Yver den fyrste herflokken, som gjorde tenesta i fyrste månaden, stod Jasobam Sabdielsson; flokken hans var på fire og tjuge tusund mann.
3 Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei herhovdingane som gjorde tenesta i fyrste månaden.
4 Yver den herflokken som gjorde tenesta i andre månaden, stod Dodai, ahoiten. I herflokken hans var og fyrsten Miklot. Den flokken var like eins på fire og tjuge tusund mann.
5 Tridje herhovdingen - han som gjorde tenesta i tridje månaden - var Benaja, son åt Jojada, presten. Han var øvste styraren for herflokken og hadde fire og tjuge tusund mann under seg.
6 Denne Benaja var ei kjempa millom dei tretti og stod yver dei tretti. Ammisabad, son hans, var og i herflokken hans.
7 Den fjorde - han som gjorde tenesta i fjorde månaden - var Asael, bror åt Joab, og etter han Sebadja, son hans. I hans herflokk var det og fire og tjuge tusund mann.
8 Den femte - han som gjorde tenesta i femte månaden - var Samhut, ein hovding av Jisrah-ætti. Hans herflokk var og på fire og tjuge tusund mann.
9 Den sette - han som gjorde tenesta i den sette månaden - var Ira Ikkesson, frå Tekoa. I hans herflokk og var det fire og tjuge tusund mann.
10 Den sjuande - han som gjorde tenesta i sjuande månaden - var peloniten Heles av Efra'ims-borni. I hans herflokk hans var det og fire og tjuge tusund mann.
11 Den åttande - han som gjorde tenesta i åttande månaden - var Sibbekai av Husa-greini i Serah-ætti. Hans herflokk var og på fire og tjuge tusund mann.
12 Den niande - han som gjorde tenesta i niande månaden - var Abieser frå Anatot, av Benjamins-ætti. I hans herflokk var det og fire og tjuge tusund mann.
13 Den tiande - han som gjorde tenesta i tiande månaden - var Maharai frå Netofa, av Serah-ætti. I hans herflokk var det og fire og tjuge tusund mann.
14 Den ellevte - han som gjorde tenesta i ellevte månaden - var Benaja frå Piraton, av Efra'ims-borni. I hans herflokk var det og fire og tjuge tusund mann.
15 Den tolvte - han som gjorde tenesta i tolvte månaden - var Heldai frå Netofa; han var ætta frå Otniel. I hans herflokk var det og fire og tjuge tusund mann.
16 Dei som stod fyre Israels-ættene var: hjå rubenitane Elieser Sikrison, hjå simeonitane Sefatja Ma'akason,
17 hjå Levi Hasabja Kemuelsson, hjå Arons-ætti Sadok,
18 hjå Juda Elihu, ein av brørne åt David, hjå Issakar Omri Mikaelsson,
19 hjå Sebulon Jismaja Obadjason, hjå Naftali Jerimot Asrielsson
20 hjå Efra'ims-borni Hosea Asasjason, hjå halve Manasse-ætti Joel Pedajason,
21 hjå halve Manasse-ætti i Gilead, Jiddo Sakarjason, hjå Benjamin Ja'asiel Abnersson,
22 hjå Dan Asar'el Jerohamsson. Dette var hovdingane for Israels-ættene.
23 Men David tok ikkje tal på dei som var under tjuge år; for Herren hadde sagt at han vilde auka Israels-folket, so dei vart likso mange som stjernone på himmelen.
24 Joab Serujason tok til å telja, men fullførde ikkje teljingi; for Guds vreide kom yver Israel for det som var gjort, og talet vart ikkje nemnt i manntalet i kong Davids krønikebok.
25 Asmavet Adielsson hadde tilsyn med skattane åt kongen og Jonatan Ussiason med forrådi på marki og i byane og grendene og borgene.
26 Esri Kelubsson såg til med folket som arbeidde på marki og dyrka jordi.
27 Sime'i frå Rama vart sett yver vinhagane og Sabdi, sifmiten, yver vinforrådi i vinhagane.
28 Ba'al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oljetrei og morbærtrei i låglandet og Joas med oljeforrådi.
29 Sitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Safat Adlaison med storfeet i dalane,
30 Obil, ismaeliten med kamelane og Jehdeja frå Meronot med asnone.
31 Jasi, hagariten, hadde tilsyn med småfeet. Alle desse var tilsynsmenner yver eigedomen åt kong David.
32 Jonatan, farbror åt David, var rådgjevar. Han var ein vitug og skriftlærd mann. Jehiel Hakmonison fylgde alltid kongssønene.
33 Akitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husai av Ark-ætti var venen åt kongen.
34 Etter Akitofel kom Jojada Benajason, og Ebjatar. Joab var herhovdingen åt kongen.