«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Krønikebok 26

1  Spyrst det um portvaktar-skifti, lyt me fyrst nemna Meselemja Koreson, som var av Asafs-borni og høyrde til Korah-ætti.

2  Av sønene hans heitte den eldste Sakarja, den andre Jediael, den tridje Sebadja, den fjorde Jatniel,

3  den femte Elam, den sette Johanan og den sjuande Eljoenai.

4  So var det Obed-Edom. Av hans søner heitte den eldste Semaja, den andre Josabad, den tridje Joah, den fjorde Sakar, den femte Netanel,

5  den sette Ammiel, den sjuande Issakar, den åttande Pe'ulletai; for Gud hadde velsigna han.

6  Semaja, son hans, fekk og søner, som vart dei rådande i ætti si; for dei var dugande menner.

7  Sønene hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja.

8  Alle desse var ætta frå Obed-Edom, både dei og sønene og brørne deira, dugande og sterke menner, som høvde vel til tenesta - i alt tvo og seksti etterkomarar etter Obed-Edom.

9  Meselemja hadde og søner og brør, dugande menner - i alt attan.

10  Sønene åt Hosa, som høyrde til Merari-borni, var: Simri, hovdingen - han var vel ikkje den eldste, men far hans sette han til hovding;

11  Hilkia, den andre, Tebalja, den tridje, Sakarja, den fjorde. Sønene og brørne hans Hosa var i alt trettan.

12  Desse portvaktar-skifti, det vil segja formennene deira, var det som saman med brørne sine hadde å syta for vakttenesta i Herrens hus.

13  Og dei kasta lut um kvar port alle saman, den minste som den største, etter ættgreinene sine.

14  Luten som viste austetter fall på Selemja. For Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, kasta dei og lut, og hans lut fall i nord.

15  For Obed-Edom fall luten i sud og for sønene hans innmed upplagshuset.

16  For Suppim og Hosa fall luten i vest ved Salleket-porten åt ålmannvegen som gjeng uppetter, den eine vaktposten jamsides hin.

17  På austsida stod seks levitar, på nordsida dagstødt fire, på sudsida og dagstødt fire og ved upplagshusi tvo i senn.

18  Ved Parbar* på vestsida vest stod fire attmed vegen og tvo attmed sjølve Parbar.

19  Dette var portvaktar-skifti av korahit-borni og Merari-borni.

20  Av levitane hadde Akia tilsyn med skattane i Guds hus og med dei tingi som var helga til Herren.

21  Sønene åt Ladan - etterkomarane etter gersonitane gjenom Ladan, hovdingane for ættgreinene åt Ladan, gersoniten - var jehielitane.

22  Jehielit-sønene Setam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattane i Herrens hus.

23  Spørst det um amramitane og jisharitane og hebronitane og ossielitane,

24  og so var Sebuel, son åt Gersom Mosesson, øvste tilsynsmannen yver skattane.

25  Frendane hans av Eliesers-ætti var Rehabja Eliesersson og hans son, som heitte Jesaja, og hans son, som heitte Joram, og hans son, som heitte Sikri, og hans son, som heitte Selomot.

26  Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det som var helga til Herren, det som kong David og ættehovdingane millom hovudsmenner yver tusund og yver hundrad mann og herhovdingane hadde helga.

27  Det var etter kvar ufred og av herfanget dei hadde helga det, so Herrens hus skulde haldast vel i stand.

28  Og alt det som Samuel, sjåaren, og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde helga - alt som nokon hadde helga - det tok Selomit og brørne vare på.

29  Av jisharitane hadde Kenanja og sønene hans å syta for dei verdslege gjeremåli i Israel; dei skulde vera tilsynsmenner og domarar.

30  Av hebronitane stod Hasabja og brørne hans for styringi hjå Israel på vestsida av Jordan i alt arbeid som skulde gjerast for Herren og i tenesta hjå kongen. Dei var dugande menner, eit tusund og sju hundrad i talet.

31  Til hebronitane høyrde Jeria, hovdingen for hebronitane etter deira ættgreiner og huslydar. I fyrtiande året av Davids kongedøme vart det røkt etter millom dei, og då fanst det dugande stridsmenner millom dei i Jaser i Gilead.

32  Frendane hans, dugande menner, var tvo tusund sju hundrad, som alle var husfeder. Kong David sette dei yver rubenitane og gaditane og halve Manasse-ætti i alt som skulde greidast for Gud eller for kongen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23